Oliver vann julekalenderen

Oliver Bruland er den heldige guten frå Førde som vann hovudpremien i årets julekalender her på kongleriket.no. Ein Nintendo DS har fått ny eigar, og Oliver smiler bredt. Eit par kompisar av Oliver hadde alt fått Nintendo i hus, så den stod høgt på ønskjelista.

Gratulerer til Oliver og til dei 24 andre borna som også har vunne ulike premiar gjennom adventskalenderen i år – takk til alle som har deltatt. 

NB: Følg med her på nettsidene til Kongleriket – snart brakar det laus med Kongleskileik rundt om i fylket vårt. Sjå også http://www.skikrinsen.no/, første runde i SSF karusell i langrenn for både born og vaksne startar alt 2. og 8 . januar.

Beste helsing frå alle dyra i Kongleriket.