Aktivitetsdag i Solund
Søndag 25. september arrangerte Solund Idrettslag aktivitetsdag på Idrettsbana på Hardbakke.
Her fekk store og små prøve seg på forskjellige aktiviteter, aerobic, hoppe lengde, 60 meter og kulekast. For dei minste arrangert vi Kongleløp. 32 ivrige Konglemedlemmar deltok med full innsats frå start til mål. Alle som var med fekk Kongleriket sitteunderlag i premie.
Takk til alle for ein aktiv og kjekk dag!


