Julekino i Solund 24. november

Snekker Andersen og Julenissen (plakat)Torsdag 24. november inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Snekker Andersen og Julenissen» i Grendahuset på Hardbakke.

Alf Prøysen si sjarmerande og stemningsfulle juleforteljing om Julenissen og snekkaren som byter roller på julekvelden har gleda barn og vaksne sidan 1959, og historia er for mange sjølve symbolet på den norske julestemninga. Filmen er den første filmatiseringa av Alf Prøysen i nyare tid.

Dørene opnar kl. 18:00 og filmen starter kl. 18:30. Kinoen er gratis for alle medlemmer i Kongleriket. Vi spanderer litt kinogodt.

Påmelding innan onsdag 23. november til pmsolund@ssf.no
Har du ikkje e-post, kan du ringe Peggy på tlf. 57 82 96 85
eller Oddlaug på tlf. 57 82 96 90.

Velkommen!