Julekino i Solund
Den 16. desember møtte mange forventingsfulle Konglemedlemmar opp til filmen “Elias og jakten på havets Gull”, ein spennande og fin film, der alt enda bra til slutt.
Alle fekk kvar si brus, popkorn og litt anna julegodt og for nokon var dette ein draum som gjekk i oppfyllelse, tenk alt var gratis. Takk til Irene og Bjørg som hadde pynta så fint og diska opp med julegodt til filmen.
Vi ønskjer alle Konglemedlemmar ei riktig fin jul og eit godt nyttår!


