Mini Skåla opp laurdag 13. august

Mini Skåla oppBli med på ”Mini Skåla Opp”, eit motbakkeløp for deg mellom 5-12 år!

Det blir ei blanding av motbakkeløp på idealtid og natursti. Det er flotte premiar for alle deltakarane. I startområdet ved Tjugen blir det ­Konglekonkurransar og aktivitetar.

Kjekt å vite
– Løypa går frå parkeringsplassen til Skåla ved Tjugen
– 28 m.o.h. og 2.100 meter opp til Tjugensætra på 365 m.o.h.
– Ingen påmelding, ta med deg både familie og vener!
– Løpet startar kl 11:15, men vi er på plass i startområdet frå kl 10:00
– Barn under 5 år kan sjølvsagt også delta, men grunna sikkerheit må alle startande ha med ein vaksen som følgje

Alle born er hjarteleg velkomne uansett om dei vil delta i løpet, eller berre vere ein dag ute i den flotte naturen.