Svelgen

Kongledag onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Julekino i Svelgen 7. desember

Den magiske juleeskenOnsdag 7. desember kl 17:00 blir det Konglekino i Svelgen.

Vi inviterer alle medlemmer av Kongleriket til filmen “Den magiske juleesken”. Ta gjerne med søsken og vener som er medlemmer i Kongleriket. Alle foreldre er òg hjarteleg velkomne.

Banken spanderer nissegodt til alle borna!

Påmelding med antall born og vaksne til gro.myklebust.leirvik@ssf.no innan måndag 5. desember.

Vel møtt!

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Klatredag i Svelgen 28. september

KlatredagOnsdag 28. september inviterer vi Konglekundane våre til å bli med oss til Mestringsgården klatrepark i Svelgen.

Barn under 6 år må ha med seg ein vaksen som følgjer dei gjennom løypa. Det er ute i skogen, så kle dykk etter veret.

Vi deler inn i tre puljer:
1. pulje frå klokka 16.00-17.00
2.pulje frå klokka 17.00-18.00
3.pulje frå klokka 18.00-19.00

Ver raske med påmeldinga – her blir det fort fullt!
Meld deg på til gro.myklebust.leirvik@ssf.no innan 26. september

Kongleveke 15.-19. februar

15.-19. februar er vi klare for ny Kongleveke! vinterbilde300x300
Vi håpar så mange som mogleg kjem innom oss for å tømme sparebøssene sine. Då får du nemleg ei fin overrasking frå Kongleriket. I Kongleveka har vi kjekke aktivitetsark der vi trekk ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg kan du vere med i konglevekequizen vår og vinne gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Dette blir heilt KONGLE!

Konglekino

Onsdag 9. desember kl 17.00 blir det konglekino i Svelgen.Karsten og Petras vidunderlige jul

Vi inviterer alle medlemmer av Kongleriket til filmen Karsten og Petras vidunderlige jul. Ta gjerne med søsken og vener som er medlemmer i Kongleriket. Alle foreldre er òg hjarteleg velkomne.

Banken spanderer nissegodt til alle borna!

Påmelding med antall born og vaksne til linda.stenseth@ssf.no innan tysdag 8. desember.

Vel møtt!

Kongleveke 5.-9. oktober

Vi er klare for ny Kongleveke frå 5. til 9. oktober!Svelgen

Ta med deg sparebøssa di og kom innom banken – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket.

 

Les heile «Kongleveke 5.-9. oktober»

Bli med til Mestringsgården klatrepark

Onsdag 30. september inviterer vi Konglekundane Svelgen2
våre til å bli med oss til Mestringsgården klatrepark i Svelgen.

Vi deler inn i tre puljer:
1. pulje frå klokka 16.00-17.00
2.pulje frå klokka 17.00-18.00
3.pulje frå klokka 18.00-19.00

Ver raska med påmeldinga – her blir det for fullt!

Meld deg på til gro.myklebust.leirvik@ssf.no innan 25.september

Skikarusell i Ålfotdalen 15. og 22. mars

Apen Albert står på skiVi inviterer alle Konglekundane våre til å komme å vere med på Skikarusellen som vert arrangert ved Karlskarstova i Ålfotdalen 15. og 22.03.2015.

For å vere med på renna, er det påmelding mellom kl 12:00 og 13:00 desse dagane. Premieutdeling vert etter rennet den 22.mars.

Start 500 meter: kl. 13:15
Start andre distansar: kl. 14:00
Løyper 500 meter til 5 km.

For nærare informasjon og eventuelle endringar, sjå www.svelgen.no

Kongleveke 16.- 20. februar

Kongleveke16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!