Klima/Miljø

Bli med Brede Bre og Bamsen Kåre Bjørn som reiser for å finne ein ny bre.

– Hjelp, så mørkt det er inne i tunnelen! Er vi snart ute i lyset att?
Brede Bre sit på bussen til Fjærland. Med seg har han Bamsen Kåre Bjørn, det er tryggast slik. Brede Bre vil tilbake til Bøyabreen, der han brukte å dra på ferie som liten. Kanskje kan han finne ei hytte, innunder breen? Han trivs godt i kjøleskåpet hjå Bamsen Kåre Bjørn, men han lengtar av og til tilbake til blåisen.

– Slapp av, tunnelar er ikkje farlege, trøystar Bamsen Kåre Bjørn. Han tykkjer det er dumt at det ikkje er brear i Kongleriket, slik at Brede Bre kan ha ein bre i nærleiken.

– Du, kvifor er det brear i Fjærland, men ikkje i Kongleriket?

Brede Bre tenkjer seg om.

– Klimaet er annleis oppe i fjellet i Fjærland. Det snør meir om vinteren, og så er det kaldare om somrane. I Kongleriket smeltar all snøen vekk fordi det er så varmt om sommaren. Viss ikkje snøen får ligge gjennom sommaren, blir det ingen bre.

Brede Bre grøssar. Han likar seg ikkje når det er varmt i vêret. Om somrane i Kongleriket har han sitt eige plaskebasseng fullt av isbitar og iskaldt vatn. Der sit han og fantaserer om Jostedalsbreen, som på det meste er 600 meter tjukk. Jostedalsbreen er den største breen på fastlandet i Europa, men mange av armane til breen held på å smelte vekk. Det var difor Brede Bre måtte rømme.

– No er me framme! Bøyabreen, her kjem vi! Dette blir Heilt Kongle!

Brede Bre er kjempespent. Han har ikkje vore her sidan han var liten. No håpar han at Bøyabreen er ein av dei brearmane som framleis er store og romslege. Bamsen Kåre Bjørn hoppar ut av bussen og dreg med seg Brede Bre opp til Brevasshytta. Brede Bre kjøper seg ein is og så tuslar dei bortover stien mot breen. Først ser Brede Bre berre litt skog og fjell. Så får han auge på vatnet. Det kjem alltid masse smeltevatn ned frå breen, det samlar seg på undersida av isen og ender opp i ei elv og kanskje eit brevatn.

– Har du lyst til å bade, spør Bamsen Kåre Bjørn og ser forsiktig på Brede Bre.

Brede Bre ristar på hovudet. Han kjenner ein svak, kjølig bretrekk stryke over kinnet. Men kvar er Bøyabreen? Brede Bre hugsar at breisen rakk heilt ned til vatnet då han vaks opp. Han løftar blikket. Isen smeltar og renn sakte nedover fingrane hans medan han studerer dei blåkvite ismassane høgt der oppe. Det er langt opp. Fleire hundre meter over havet ligg restane av Bøyabreen. Ein liten klatt med kvit snø og is ligg nedst ved vatnet. Mellom klatten og breen høgt der oppe er det berre nakent fjell. Brede Bre er så skuffa at han er tung i magen.

– Kom, seier Bamsen Kåre Bjørn.

Han ser kor skuffa Brede Bre er.. Det blir ikkje noko hytte her. Det er i det heile tatt ikkje så mykje att av Bøyabreen. Brått blir dei avbroten av ei mengd med menneske som kjem trakkande. Ein mann med solbriller skvett til side når han får auge på Brede Bre.

– Åh, guri, eit spøkelse! Er det eit ekte brespøkelse?!

Brede Bre og Bamsen Kåre Bjørn spring og gøymer seg bak Brevasshytta. Ein flokk med turistar har kome for å sjå på breen. Ei dame står framfor turistane og forklarer:

– Menneska held på å endre klimaet med all forureininga si. Det har blitt varmare og meir regn enn snø om vinteren. Dermed har mykje av Bøyabreen smelta. Mellom 2006 og 2007 smelta breen 72 meter tilbake!

Bamsen Kåre Bjørn og Brede Bre ser på kvarandre. Dei blir einige om å kome seg heim att til Kongleriket og kjøleskapet.

Historia er levert av Norsk Bremuseum i Fjærland