Korleis hjelpe miljøet?

Brede Bre måtte rømme heimafrå når breen han budde i berre krympa og krympa. Grunnen til at breen til Brede krymper, er at den smeltar fordi det vert varmare og varmare her på jorda.

Det er mykje du kan gjere for å hjelpe miljøet, og hjelpe Brede Bre med å få breen hans til å vekse igjen. Det er mange ting du kan gjere sjølv, og det er mange ting du kan passe på at foreldre og besteforeldre gjer, slik at dei ikkje skader miljøet.

Du kan for eksempel vere flink til å sortere søppel heime, og på skulen, slik at riktig ting ender opp i riktig dunk. Du kan spare straum ved å hugse å skru av lyset i rom der ingen er, og du kan kanskje lage ein miljøklubb saman med venane dine?

Du kan passe på at dei vaksne gjer det same som deg, sorterer søppel og skrur av lyset. Du kan foreslå at de heller går til butikken ein dag, i staden for å ta bilen. Det er både sunt og miljøvenleg! Skal du på trening eller besøke ein kompis, så kan du heller be mamma og pappa å få gå eller sykle.

Det å ønske seg nye ting er ikkje alltid miljøvenleg. Å lage nye ting og kle skader miljøet på forskjellige måtar, og difor kan det vere lurt å byte og arve ting av eldre søsken eller andre.