Piknik med Blåbærmuffins

Når dyra i Kongleriket reiser på piknik i skogen, hender det at Hjørdis Hjort har med seg nybakte muffins, noko dei andre dyra set stor pris på. Få ein vaksen til å hjelpe deg med ingrediensane og steikeomnen!

Ingrediensar:
2 egg
1 1/2 dl sukker
75 g smelta smør
3 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1/2 dl mjølk
2 dl blåbær, sukra frosne eller nyplukka

Slik gjer du:
Visp egg og sukker, tilsett avkjølt smør. Bland inn bakepulver og mjøl, tilsett mjølk og rør til slutt blåbæra forsiktig inn. Fordel røra i muffinsformer. Steikast på 225°C i omlag 12 min.