Hjørdis sin herlege blåbærpai

Prøv Hjørdis Hjort sin fantastiske blåbærpai, denne er så god at andre paiar berre blir blåbær i forhold! Kåre Bjørn og dei andre i Kongleriket kan ikkje få nok av den. Smakar kjempegodt med is eller piska krem til.

Paibotn:
- 500 gram kveitemjøl
- 250 gram smør
- 160 gram sukker
- 1 pose tørrgjær
- 3 ss vatn eller mjølk
- 1 egg

Fyll:
- Blåbærsyltetøy eller ein pakke frosne blåbær (brukar du frosne bær kan det hende at paien må steike litt lengre).

Slik gjer du:
- Set omnen på 200 grader
- Kveitemjøl, smør, sukker og tørrgjær smuldrast saman i ein bakebolle. Vatn (eller mjølk) og egg rørast raskt i. Arbeid til deigen dannar ein fast klump, og del den i to.
- Den eine delen av deigen pressast ned i ei smurt paiform med handbaken.
- Tøm over blåbærsyltetøy eller frosne blåbær.
- Den andre delen av deigen brukast til å lage striper / lok over fyllet.
- Lag først vassrette striper, deretter loddrette, 3 eller 4 kvar veg.
- Paien steikast på 200 grader midt i omnen i ca 30 minutter. Den er ferdig når loket har ein gyllen farge.
- Avkjøl paien eit augeblikk før den serverast, til dømes saman med is eller krem.