Hjørdis sin Blåbærsmoothie

Når Kåre Bjørn har vore lenge på bandøving og har lyst på noko godt, lagar Hjørdis ofte blåbærsmoothie til han. Den er sunn og smakar nydelig når du er litt svolten eller berre har lyst på noko ekstra. Be ein vaksen om å hjelpe deg!

Ingrediensar:
4 dl frosne blåbær
2 stk. banan
4 dl vaniljeyoghurt
4 dl druejuice

Slik gjer du:
Skrell banana og del den i bitar. Ha banan, yoghurt, juice og 3 dl blåbær i ein foodprosessor eller blender, og køyr denne til massen er lett flytande.

Rør til slutt inn resten av blåbæra og server i høge glas.

Nam!