Fruktsalat med blåbær

Hjørdis Hjort er opptatt av å vere sunn og et derfor ofte frukt og grønsaker. Ho vil også at dei andre som bur i Kongleriket skal vere sunne og ho inviterer derfor ofte dei andre dyra på den herlege fruktsalaten sin med Blåbær. Prøv den du også, den er super å lage dersom du har lyst på noko søtt!

Dette blir godt:
Masse blåbær
2 appelsinar
2 kiwi
10 jordbær
2 ½ dl krem fløyte
1 teskje sukker

Slik lagar du salaten:
Skrell og skyl frukta. Skjer appelsinane i båtar, skjer kiwien i skiver og del jordbæra i to – hugs å ta av stilken, den smakar ikkje godt.
Ha fløyta i ein bolle med sukker og visp til den blir tjukk – du kan godt bruke ein visp som ikkje går på straum så får du trent armane dine på å vispe.

Legg frukta i ei skål med litt krem på toppen!

Kos deg!