Pannekaker med blåbær

Då Sverre Moses og Apen Albert kom til Kongleriket var det uvant å ete norsk mat. Den omsorgsfulle Hjørdis Hjort laga nydelege pannekaker med blåbær til dei og no er det blitt deira favorittrett. Dei et det ofte til middag på laurdag formiddag. Prøv oppskrifta til Hjørdis Hjort du og – pannekakene er kjempegode!

Du treng:
4 egg
3 dl kveitemjøl
½ teskje salt
5 dl mjølk
omtrent 3 dl blåbær
så mykje sukker du meiner er passeleg

Slik gjer du:
Finn ein bolle som du kan blande alt i, du treng også noko å røre med. Bland saman mel og salt. Ha i omtrent halvparten av mjølka og rør godt til ei tjukk røre utan klumpar. Tilsett resten av mjølka. Visp inn egga. La røra stå omtrent 15 minutt før du begynner å steike. Finn fram ei steikepanne og steik tynne pannekaker på litt sterk varme. Snu dei når dei har stivna på oversida og fått ein fin og gyllen farge på undersida.

Obs – her må du vere forsiktig så du ikkje brenn deg, få hjelp av ein vaksen!