Heilt Kongle!

Her kan du laste ned Konglesongen og notar, og synge så høgt du berre kan! Kanskje du kan melde deg på Fiol, slik som Elin Ekorn?

Konglesongen

Bli med langt inn i skogen for der ligger det ein stad
som heiter Kongleriket, den staden gjer meg glad
for alle dei som bur der veit å kose seg og le
Og midt i Kongleriket står – ka du trur – eit digert Pengetre
ser man det!

I Kongleriket har vi det heilt Kongle kan du tru
Og eg kan ikkje tenke meg ein betre stad å bu
For der bur mine vener – musikantar alle mann
Og alle saman spelar i eit Kongleboogie band

Oppi treet heng det myntar, som flinke barn har spart
Og dyr som bur i skogen veit at sparing det er smart
Når det er noko du vil ha og ønskar aller mest
Mens nokon vil ha slalomski – ka du trur? – vil andre ha en hest
ka er best?

I Kongleriket har vi det heilt Kongle kan du tru
Og eg kan ikkje tenke meg ein betre stad å bu
For der bur mine vener – musikantar alle mann
Og alle saman spelar i eit Kongleboogie band

Så ein dag kom ein elggjeng, som var skikkelig sleip og slu
Dei lista seg så stille, kva ville dei mon tru?
Vi tenkte så det knaka og så skjønte vi nok det
Dei hadde kjempeskumle planar om– ka du trur – å stjele fra vårt tre!
Akk og ve!

Då samla vi oss alle mann til råds på byens torg
Vi måtte skremme skurkane og det var ingen sorg
Dei flaug til skogs med skrik og skrål, vi jaga dei i veg
I Kongleriket fiksar vi det meste, tru du meg!

Vokal: Solveig Gimmestad
Tekst: Eva Mørkeset
Komponist/ arrangør: Bjørnar Myhr