Natursti

Når sola skiner og det er varmt og godt ute, hender det at Redaktør Lucy Lemen i Kongleposten lagar til natursti for dei andre dyra i Kongleriket.

Då legg ho ut postar på eit lite område i Kongleriket, med spørsmål, slik at Sjiraffen Sverre Moses, Apen Albert og dei andre dyra kan gå rundt og svare på morosame spørsmål om kva som skjer i Kongleriket.

Lucy Lemen har også laga to naturstiar som du og venene dine kan legge ut på til dømes ein plen eller ein liten skog. Her er det 10 postar med spørsmål frå Kongleriket. Er du lur, ber du ein vaksen om å lese historia for dykk før de startar på naturstien, då blir det mykje enklare å svare på spørsmåla.

Be ein vaksen om hjelp til å printe ut naturstien og legge den ut!