Verdas beste matpakke

Tips til ein sunnare og meir spennande matpakke

– Kva med å bytte ut den vanlege brødskiva med ein grov tortillawrap? Fyll den med til dømes kokt skinke, kvitost eller kremost, eit par salatblad, agurk og paprika.

– Har du middagsrestar som kylling, pølser, kjøttbollar eller liknande, kan du tre desse på eit spyd saman med tomat og ost.

– Ha alltid med frisk frukt eller grønsaker. Varier gjerne med ulike typar bær.

Kanskje de vil prøve noko heilt nytt og litt vanskelegare? Her kjem nokre spennande oppskrifter:

Grov pastasalat

– 50 gr grove pastaskruar
– 1 egg
– 50 gr skinke eller kalkun i terningar
– 2 bukettar brokkoli delt i småbitar
– 2 cherry tomatar delt i to
– Mais

Dressing:
– 1ss kesam/lettrømme
– 1/6 ts sukker (skal ikkje vere søt, kun framheve smak)
– 1/6 ts eddik/sitron

Pastasalaten kan lagast dagen før.

Grov brødrull med fyll

– 1/2 pakke gjær
– 2 dl vatn
– 1 ss olje
– 1/2 ts salt
– 2 dl sammalt kveitemjøl
– 1/2 dl byggmjøl/ rugmjøl
– 2 1/2 kveitemjøl

Varm olje og vatn til det er fingervarmt. Tilsett mjøl, salt og gjær, omgangsvis.
Kna i maskin i 10 minuttar til du har ein god deig, tilsett meir mjøl dersom nødvendig.
La deigen heve i 20 minuttar i eit lunt rom, eller du kan heve i steikeomnen på 35 grader.

Medan deigen er til heving, lagar du fyllet;

Tomatsaus
Løk og kvitløk surrast i olje. Tilsett tomatpure og tomat, og kok i 10 minuttar. Smak til med salt og pepar og tilsett basilikum til slutt.

Kjevl ut deigen tynt på eit brett og legg på tomatsaus, 350 gr skinke, kylling eller kalkun og 200 gr reven ost.