For dei vaksne

Det er mykje som endrar seg i livet når ein får barn, og det er mykje å tenke på og ta stilling til. Eit viktig tema er sparing og forsikring. Korleis kan de som nybakte foreldre gi barnet ein best mogleg start på livet? Korleis kan du hjelpe barnet ditt med startkapital til studier og bustad, og kva forsikringar bør eit barn ha?

Framtida startar i dag
Barnet ditt drøymer om framtida. Nokre skal køyre gravemaskin, andre skal bli superstjerner. Nokon vil bli bilmekanikar eller lege, medan andre vil bli kokk eller kanskje jobbe i bank? Sjølv om det kan virke langt fram, så er det ikkje så mange åra til barnet ditt skal stå på eigne bein, skaffe seg ei utdanning og sin første bustad. Då kan det vere godt å ha nokre oppsparte midlar for å få ein god start.

Sparing
Det kan vere lurt å opprette sparekonti i namnet til barnet med ein gong. Begynner foreldre, og kanskje besteforeldre, å spare for barnet tidlig, så vert det ein fin sum når pengane får 18 år på seg. Det kan vere hardt å kome seg inn på bustadmarknaden som ung, og slike midlar gjev barnet ditt eit fortrinn både når det gjelder å få lån, og å kunne finne ein bra bustad i tidlig alder. Det finnast og andre former for sparing som t.d. aksjefond. Her er det mange moglegheiter, og banken kan gje gode råd om korleis plassere pengane på ein best mogleg måte.

Best å vere på den sikre sida
Det er ikkje hyggjeleg å tenke på at ulykker og alvorleg sjukdom kan ramme små barn. Men det kan skje. Ikkje berre kan ulykke ramme direkte, men skulle det skje noko med deg som forelder, vil også barna verte skadelidande. Det er viktig å forsikre det ein har kjært heilt i frå starten.

Les meir om forsikring