Første skuledag

Dei fleste hugsar den første skuledagen sin. Pennal og matpakke låg i sekken, og alt var nytt og spennande. Her kan du lese korleis nokre av Konglemedlemane opplevde sin første skuledag.

Det gjekk heilt fint. Eg fekk mange vener.
Dagny 9 år

Den første skoledagen var kjempeskummel med mange ukjente voksne som var mammaene og pappaene til de nye barna jeg skulle bli kjent med som skulle begynne i klassen min.
Tor 7 år

Eg har jo ikkje begynt enda. Men her er ei historie likevel:
Det var ein gong ein gut som heitte Sebastian. Han skulle begynne på skulen og gleda seg kjempemasse. Da han kom på skulen fyrste dagen så var det ganske kjekt. Han fekk teikne og rekne litt. Det var ikkje så masse lesing fyrste dagen. Det aller kjekkaste var å rekne. På skulen gjekk dei ut masse og då fekk dei leike. Sebastian spelte fotball og dissa. På skulen traff Sebastian alle venene sine igjen. Det var kjekt å sjå dei etter ein lang sommarferie. Sebastian visste allereie etter den fyrste skuledagen at han kom til å trivast på skulen og han gleda seg til neste dag.
Sebastian 6 år

Eg hugsar at eg var ganske spent, og litt nervøs den første skuledagen, men eg vart veldig glad at vi fekk den kjekke læraren som vi fortsatt skal ha når vi begynner i 3 klasse.
Så var det mange fleire barn der enn i barnehagen.
Eirik 7 år

Eg kom på skulen og møtte læraren min, ho heiter Siv. Vi tok klassebilde og etterpå såg vi klasserommet. No skal eg byrje i 5. klasse og skal få ny lærar.
Kristense 9 år

Hugsa eg gleda meg veldig, hadde fått nye kle, sko, ransel og pennal, hadde laga til alt om kvelden, så det skulle vere klart. Våkna tidleg om morgonen, sto opp, vekte mamma, ho måtte stå opp, eg ville ikkje bli for sein, men det viste seg at klokka var berre kvart over 6. Så det blei ein lang morgon å vente til meg og mamma kunne gå til skulen, men eg likar meg på skulen.
Leander 7 år

Første skuledagen min hadde eg rosa skulesekk og eg traff mange nye vener. Eg hugsa at mamma tok bilete av meg på verandaen før eg reiste på skulen.
Olivia 11 år

Det var spennande å gå på skulen den fyrste dagen men mamma følgde meg og då var ikkje alt så veldig skummelt lenger. Eg har eit fint minne frå den dagen.
Lene 12 år

Første skuledagen min, så var det “bodlaregn”, så eg måtte ha regnjakke og paraply når eg gjekk til skulen. Skulesekken min er kjempetøff.
Martin 7 år

Eg hadde fått meg nye kle, sko og diverse skulesaker.
vi gjekk rett i gymsalen for å høyre på kva rektoren sa. Vi måtte stille oss framfor 10. klasse på skulen. Det var skummelt. Mamma måtte vere med meg opp då. Etterpå gjekk vi i klasseromet og då var mamma og pappa med meg. Vi leika heile klassen og foreldra.
Oline 6 år