17.mai dikt

Ei av oppgåvene i 17. mai-konkurransen var å skrive eit lite dikt. Her kan du lese nokre av dikta!

Eg åt is og leika i sanden
Eg fiska opp snop frå fiskedammen
I bunaden min – eg var så fin
-Slik var den andre 17-mai-festen min.
Linnea 2 år

17.mai er veldig bra,
då går vi tog og er så gla.
Masse is får vi og.
Hurra for Norge i rødt kvitt og blått!
Nikolai 6 år

Kom 17.mai du skjønne, som gir mykje is og brus kan skjønne.
i toget vi ropar høgt hurra, for i dag har norge bursdag.
Høgt i toppen vaiar flagget, hipp hipp hurra for 17.mai.
Jonas 9 år

17.mai er den kjekkaste dagen,
vi går i tog og har 20 is i magen.
Sykling, potetløp, graut og musikk
Pappa går på stylter og mamma får panikk.
Andreas 9 år

17.mai er barnas store dag
me går i tog i lag.
Pølse, brus og is
me et med eit stort glis
Vetle 4 år

17. mai er så flott
flagga vaiar i vinden; rødt, kvitt og blått.
Musikken spelar og russen skoiar
og me høgt i kor hoiar
HEIA NORGE!
Morten 7 år

Bunadskledde jenter og dresskledde gutar,
og russ som i fløyter tutar.
17. mai er endelig her,
og me oss alle gler.
Glade folk over alt,
og salutten den smalt
HIPP HURRA FOR 17. MAI
Mathilde 8 år

17.mai då har eg det bra,
et masse is og alt er heilt topp.
17.mai, då ete vi pølse og is, det er kjekt.
Hipp hip hurra.
Fredrik 5 år

17 mai,
ete vi pai
springe og ler
av alt vi ser
Nikolai 5 år

Hipp hurra
vi er så gla
for mykje is
det vil vi ha.
Rita 7 år