Drøymeferie

Mange drøymer om sol, sommar, bading og is. Kanskje ein tur til utlandet? Sommarferien er over, men her kan du sjå kva nokre av Konglemedlemane drøymde om før sommaren.

Det var ein gong eg skulle til Danmark.
Eg ville so masse ha ei t-skjorte.
Så eg sente inn ein konkurranse.
Nokon dagar etterpå fikk eg ei t-skjorte:)
Snipp Snapp Snute så var eventyret ute.
Karoline 10 år

Det var ein gong eg var heime.
So sente eg inn konkurranse,
for eg hadde so lyst på Kongleriket t-skjorte.
Ein dag fekk eg og då jubla eg heile dagen og gjekk med den heile sommaren.
Snipp Snapp Snute så var eventyret ute.
Håvard 5 år

Eg har lyst å reise ein plass der det er mange vannsklier og badebasseng. Har lyst å bade heile dagen! Og so skal det bli kjekt å vere saman med mamma og pappa og broren heile dagen. Kanskje kan vi gå på fjellet å ligge i telt… Då ser vi kanskje nokon frå Kongleriket?
Rita 6 år

Sommar, sol, skulefri. Min draumeferie er å vere på stranda å bade med familie og vennar. Bli med pappa på sjøen å fiske etter krabbe og fisk, som vi kokar ved sjøen, eller grillar, rett og slett slappe av. Kan det bli betre?
Anny- Therese 9 år

Eg vil reise med familien min til Belgia der er det kjempe fint og varmt og strender så langt vi ser. Eg elskar å shoppe der er det butikkar ned gater og opp gater.
Marit 12 år

Eg vil reise til Australia å bade når eg vert stor. Derfor sparar eg så mykje eg kan no, slik at pengane veks så eg har nok til å reise. Der skal eg sole meg, bade og ete is.
Cindy 9 år

I år skal jeg på en skikkelig drømmeferie. Vi har fått låne besta og besten sitt store telt. Vi skal kjøre om natten, sånn at jeg kan sove. Jeg skal ha med meg den nye fiskestangen jeg fikk til bursdagen. Vi skal grille fiskene jeg får på bål og bare kose oss. Håper det blir fint vær så jeg kan bade masse.
Vegard 8 år