Korleis hjelpe Brede Bre?

I ein av konkurransane på nettsida vår, spurte vi konglemedlemane om kva dei meinte vi kunne gjere for å ta vare på dei flotte breane vi har her i Norge. Her er litt av det vi fekk inn:

Hugse å slå av lyset når vi ikkje har bruk for det og køyre mindre med bilen. Vi kan også lage til mindre søppel. Kjøpe færre nye ting.
Eg arvar masse klede og gir nesten alt som er blitt forlite til søskenbarnet mitt.
Mira 5 år

Eg vil vere meir miljøbevisst. Ikkje kaste søppel i naturen.
Skru av dusjen når eg sjamponerer håret mitt. Gå til skulen og på trening.
Anna Mathilde 7 år

Late vere å kjøpe ting som ein ikkje har bruk for, slik at det vert mindre boss.
Henrik 9 år

Dei kan sykle i staden får å bli køyrde.
Og vi kan ikkje kaste boss i naturen.
Gina 5 år

Då må vi passe på klimaet vårt. Vi må slå av lyset i rom vi
ikkje er i, og vi må slutte å bruke masse papir. Dei voksne må
slutte å køyre så mykje bil, men heller bruke bussen eller sykle på jobben. Fabrikkane må slutte å sende så mykje stygge ting ut av pipene sine.
Jonas 8 år

Du kan for eksempel vere flink til å sortere søppel heime, og på skulen, slik at tingene endar opp i riktig dunk.
Du kan foreslå at dei heller går til butikken ein dag, i staden for å køyre bilen. Det er både sunt og miljøvenleg!
Sarah 11 år