Min favoritt-ting

Kåre Bjørn har ein ting som han likar mykje betre enn nokon annan ting. Det er gitaren. Når han spelar gitar gløymer han alt anna. Vi spurte Konglemedlemane kva som er deira favoritt-ting. Her er nokre av svara:

Kosebamsen min! Den må eg ha med meg kvar kveld for at eg skal få sove, for den passar på meg gjennom heile den lange natta. Og så er han så kjekk å prate med, for han er alltid einig med meg.
Emelin 3 år

Min favoritt-ting er ein koseklut som eg kallar lollos. Den har eg hatt sidan eg blei fødd. Det er eigentleg eit putetrekk, men no er den så tynnslitt at det er berre ei lang remse igjen. Den er med meg overalt. Eg må ha den i bilen, i senga, på ferie og på butikken. Ein dag sleit eg den i 2, og da måtte mamma fram med symaskina med ein gong for eg gret sånn. Ho sydde den sammen igjen, heldigvis.
Vetle 4 år

Min favoritt-ting er ein bamsehund. Eg ønsker meg mest av alt ein levande hund til jul, men pga allergi kan me ikkje ha hund i huset. Derfor har eg fått ein bamsehund (den blir 1 år på julafta), og den kan eg kle på og eg har den med meg overalt. Men den er så stor at den ikkje kunne vere med oss til syden i sommar, så da måtte bestemor passe den. Då sakna eg den veldig.
Bamsehunden min heiter Hund.
Mathilde 8 år

Smukken min. Den er så god å ha når eg blir litt lei meg, eller når eg skal kose meg, og når eg skal kvile. Eg kunne godt tenkt meg å bruke den heile tida, men det får eg ikkje lov til..
Frida 3 år

Min favoritt- ting er ein liten bil som er så liten at den får plass i lomma mi. Derfor kan eg ha den med meg overalt. Det er ein rød bil fra serien cars, og den heiter Lynet Mcqueen. Eg har 4 stk av den, slik at eg alltid finn ein av dei når me skal på tur. Mamma og pappa er litt lei av å leite etter dei, for dei er så småe at dei fer under alle møblane og er vanskelige å finne igjen.
Morten 6 år

Min favoritt-ting er ein stein som kan vere meir verdifull enn gull. Den glinsar og er ekte. Eg fekk den av bestefaren min. Han er veldig flink med stein og har mangee steinar.
Elin 10 år