Spar med Anna

Anna samlar på små figurar. Ho har eit eige lite hus til dei, og ho leiker med dei så ofte ho kan. Å spare er det same som å samle, berre at du samlar på pengar.

Anna er flink til å spare. Ho hjelper pappa med å ta ut av oppvaskmaskina, rydder rommet sitt, ber ut søpla og støvsuger ein gong i veka. Kvar gong ho hjelper pappa med husarbeidet, får ho litt pengar. Desse pengane putter ho rett på sparebøssa si.

Anna pleier og å pante alle flaskene ho finn når ho er ute og leiker, og sjekker alltid godstolen til pappa for småmynter når han er på jobb. Finn ho pengar, er ho snar med å putte dei på sparebøssa si.

Nokre av pengane ho sparer bruker ho på figurar og andre småting til seg sjølv, men pappa har sagt at viss ho vil ha ny sykkel til våren, så må ho vere så flink å spare at ho kan betale halvparten sjølv. Anna har fryktelig lyst på ny sykkel, og er like spent kvar gong ho tømmer sparebøssa si i banken om ho no snart har nok til ein halv sykkel.

Ønskjer du deg noko? Då kan det vere lurt å begynne å spare!