Konglesykkeldag i Årdal

Som vanleg var det ein fantastisk fin sommardag når Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerte sykkeldag i Øvre Årdal tysdag 11. juni. Ivrige Kongleborn og entusiastiske foreldre troppa opp med sparkesyklar, trehjulsyklar og tohjulsyklar.

Øvre Årdal Janitsjarkorps underheldt med ein flott minikonsert. Siste songen var ein nydeleg versjon av Månemannen og Sara Vie var stilte opp som gjestesolist og rørte alle frammøtte med nydeleg song. I tillegg stilte Hugin Musikkforum opp og spelte fleire ”rocka” versjonar av kjende barnesongar til stor jubel blant publikum.

Helge Øren  retta ein stor takk til  Sparebanken Sogn og Fjordane som hovudsponsor på vegne av Øvre Årdal Janitsjar.

Steinar Drægni frå Årdal Tenk Tryggleik stod for hinderløypa med vippeplanke for ekstra vanskelegheitsgrad. Han var også speaker under arrangementet og losa alle Kongleborna vel gjennom løypa.

Etter løpet var det utdeling av diplom og nye flotte drikkeflasker frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Premiane var 4 tøffe sykkelhjelmar og 2 flotte sparkesyklar.

Dei heldige vinnarane av sykkelhjelm var:
Marte Vigdal Rudi, Live Moen Elgsaas, Ida Myrland og Martin Voll.

Dei heldige vinnarane av sparkesykkel var:
Sunniva Lomheim og Leo Moen Elgsaas

Takk for denne gong og ha ein riktig god sommar!