Kongleveka i Årdal

Nok ei fin Kongleveke er over, og me har hatt besøk av mange Konglekundar og foreldre.

Ungane tømte bøssene sine, var med på konkurransar og fargela figurar frå Kongleriket som me har pynta veggen vår med. Kongleborna fekk velja seg ein premie, og kosa seg med juice, muffins og twist.

Alle deltok i konkurransen vår, og 2 år gamle Sigrid Njøs Natvik frå Årdalstangen vart den heldige vinnaren av eit gåvekort på kr 500 frå Sportshuset. Gratulera så mykje!