Askvoll

Kongledag i Dale og Askvoll onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre til ei triveleg stund i lag med oss!

Vi har langope i banken i Dale til kl. 18:00 og er på Coop i Askvoll frå kl 15:00 til 18:00. Her blir det bøssetømming, og alle får ein fin premie frå Kongleriket.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone, som dei får med seg heim.

Barna kan også delta i ein konkurranse der premien er ein flott sparkesykkel eller Konglesekk.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

PS! Du møter oss også på Julemessa på Leirvik Senter i Hyllestad. Følg med for meir informasjon!

 

Kongledag på Coop Marked i Askvoll 14. mars

Kongledag og bursdag


I
nvitasjon til Kongledag og bursdagsfering!
Kongleriket fyller 10 år i år! Dette vil vi gjerne markere med bursdagsfeiring på Coop Marked i Askvoll på Kongledagen onsdag 14. mars mellom kl 16 og 18. Vi serverer kake, alle Konglemedlemane får ei lita bursdagsgåve og det blir konkurranse og bøssetømming.

Bli med i konkurransen og vinn ein Elektrisk Mini Cooper bil!
Dyra i Kongleriket ønskjer seg bursdagskort! Lag eit bursdagskort til Kongleriket og bli med i trekninga. Har du ikkje høve til å komme i banken, kan du også sende oss kortet du har laga til
Sparebanken Sogn og Fjordane
Postboks 113
6801 FØRDE

Merk konvolutten med ”Bursdagshelsing til Kongleriket”

Hugs å skrive namn, postadresse og alder på bidraget.

VELKOMMEN I BANKEN!

 

Konglekino

 

 

 

 

 

 

I november og desember er det Konglekino på mange av stadane vi har kontor. Vi sender ut invitasjon med påmelding på e-post til foreldre med Konglekundar på dei stadane det blir kino rundt ei veke før den aktuelle kinoen.

Kvar: Film: Dato:
Bergen, Magnus Barfot (fullt) Ekspedisjon Knerten 19. november
Solund, Hardbakke Grendahus Ekspedisjon Knerten 23. november
Stryn Kulturhus Ekspedisjon Knerten 23. november
Friberg Kino, Balestrand Jul i Mummidalen 24. november
Sogndal Kino Ekspedisjon Knerten 25. november
Årdal Kino Ekspedisjon Knerten 26. november
Askvoll Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 27. november
Flora Kino Snekker Andersen og julenissen 28. november
Dalsøyra Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 29. november
Måløy Kino Ekspedisjon Knerten 29. november
Bremanger Jul i Mummidalen 1. desember
Fjaler Kino Snekker Andersen og julenissen 2. desember
Førde Kino Snekker Andersen og julenissen 5. desember
Eid Kino Paddington 2 9. desember
Lavik Ekspedisjon Knerten 12. desember

 

 

Kongledag i Dale og Askvoll torsdag 26. oktober

Kongleflasker
Torsdag 26. oktober vert det Kongledag med langope i banken i Dale kl 10:00 – 18:00. I tillegg blir det Kongledag ved butikken i Askvoll frå klokka
15:00 -17:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen både i banken og til butikken i Askvoll for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar, og vinne ein Konglesekk eller kanskje endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!
Alle barna som kjem får ei flott drikkeflaske frå Kongleriket.

Velkommen til ei triveleg stund!

Elin Ekorn og Kåre Bjørn på Skjærgårdstreff og Krabbefestival

Elin Ekorn og Kåre BjørnTar du turen til Skjærgårdstreffet i Askvoll 21.- 22. juli eller Krabbefestivalen på Atløy 5.- 6. august, kan du møte Bamsen Kåre Bjørn og Elin Ekorn.

Møter du på dei, så ta gjerne eit bilete saman med dei, legg det ut på Facebook eller Instagram og merk dei med #kongleriket

Vi trekkjer ein heldig vinnar blant dei som legg ut bilete i slutten av september. Premien er ein sekk frå Kongleriket med mykje spennande innhald.

Kongledag onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Konglekino på Værlandet tysdag 31. januar

KonglekinoTysdag 31. januar inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Marcus og Martinus – Sammen om drømmen» i Værlandet Ungdomshus. Det vert også tømming av sparebøsse.

Vi opnar dørene kl 16:30, då kan du tømme sparebøssa og få premie. Filmen startar kl 17:30. Kinoen er gratis for alle medlemmar i Kongleriket. Vi spanderer litt kinogodt.

Les meir om filmen her

 

Påmelding med antal barn innan 30. januar til pmaskvoll@ssf.no eller på tlf 57 73 34 17 (Sissel) eller 57 73 34 09 (Linda)

Velkommen!

Julekino på Atløy 8. desember

Snekker Andersen og Julenissen (plakat)Torsdag 8. desember inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Snekker Andersen og Julenissen» i Atløy Kulturhus. 

Alf Prøysen si sjarmerande og stemningsfulle juleforteljing om Julenissen og snekkaren som byter roller på julekvelden har gleda barn og vaksne sidan 1959, og historia er for mange sjølve symbolet på den norske julestemninga. Filmen er den første filmatiseringa av Alf Prøysen i nyare tid.

Dørene opnar kl. 17:30 og filmen startar kl. 18:00. Kinoen er gratis for alle medlemmer i Kongleriket. Vi spanderer litt kinogodt.

Påmelding med antal barn innan onsdag 7. desember til pmaskvoll@ssf.no
eller på telefon 57 73 34 17 (Sissel) eller 57 73 34 15 (Arve)

Velkommen!

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Kongledag Bank i butikk

FIGUR_RolandPungrotte-musepatruljen Tysdag 20. oktober er vi til stades i Bank i butikk på Joker Bulandet og på Joker Værlandet.
Tidspunkt: 14.30-16-00

Alle konglekundar kan tømme sparebøssa si og få ei flott Konglegåve!

Håpar vi sjåast!