Kongledag i Dale og Askvoll onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre til ei triveleg stund i lag med oss!

Vi har langope i banken i Dale til kl. 18:00 og er på Coop i Askvoll frå kl 15:00 til 18:00. Her blir det bøssetømming, og alle får ein fin premie frå Kongleriket.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone, som dei får med seg heim.

Barna kan også delta i ein konkurranse der premien er ein flott sparkesykkel eller Konglesekk.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

PS! Du møter oss også på Julemessa på Leirvik Senter i Hyllestad. Følg med for meir informasjon!