Kongleriket Miniputt – Runde 1, 6.mai 2012

Søndag 6.mai blåste vi i gang Kongleriket Miniputt-turneringane på 7 ulike stader i fylket;
Askvoll, Balestrand, Kaupanger, Lærdal, Tambarskjelvar, Stryn og Skavøypoll. Sandane
arrangerer si turnering 13.mai .

Kong Vinter gjorde sitt for å bremse våryre miniputtar, men det skal nok meir til før dei
minste mister lysten til å spele fotball. Balestrand måtte måke bana søndagsmorgon, og i
Skavøypoll arrangerte dei turneringa innandørs, men alle arrangement gikk etter planen,
og vi er imponerte over innsatsen til arrangørane.
Med ein stillongs under shortsen og lue på, og ei god varm pølse i pausen,
så var det ialle fall ikkje problem å spele fotball. Alle deltakarane fekk ein skipssekk kvar, som premie for flott innsats!