Bli med på sjørøvertokt i Kalvåg laurdag 4. august

Vi inviterer alle Konglekundane våre til å bli med på sjørøvertokt med galeasen “Svanhild” under Kalvåg Kystfestival laurdag 4. august

Her får barna låne pirateffektar, vi heiser segl og kastar loss! Vi tek ei runde rundt Kalvåg hamn før vi set kursen mot Fiskeholmen i retning Smørhamn. Undervegs vert det skattejakt, ekte piratmusikk og vi skal sjølvsagt prøve kanonen!

Avgangar kvar heile time: Kl 10:00, 11:00, 12:00, 13:00, 14:00* og kl.15:00.

*Turen kl.14:00 vert ein del av rokonkurransen som har start kl.14:30. Skipet vil då og fungere som snubøye og fyre avgårde ei salve som startskot.

Sjørøvertokta er gratis, men du må løyse billett, slik at vi ser kor mange som kjem.

Billett får du her

Les meir om Kalvåg Kystfestival 3.- 5. august