Kongletokt med Svanhild

Laurdag 1. august kan du bli med på Kongletokt i Florø med Svanhild! Dette arrangerer vi saman med Byen Vår Florø.

Det vil bli tre turar, og turane startar på Kolkaia i Florø. Tidspunkta ein kan velje mellom er klokka 11.00, 12.30 og 14.00.

Det er gratis, men ein må vere påmeldt på førehand. På kvar tur har vi plass til maksimalt 32 deltakarar, så her er det «først til mølla»-prinsippet som gjeld. På kvar påmelding har vi plass til éin vaksen og maksimalt tre barn.

For påmelding, klikk her.

Vel møtt! :)

(Foto: Svanhild)