Florø

Kongleminiputt

Sjå bilder frå Kongleminiputturnering!

Familiedag i Sørstrand Folkepark 19. mai

Vi vil i samarbeid med Barnas Turlag og Folkeparken invitere til familiedag for å markere opninga av brua til Flatholmen på Sørstrand Folkepark 19. mai kl. 17.00-19.00 

Les heile «Familiedag i Sørstrand Folkepark 19. mai»

Vinnar av spørjekonkurransen i Kongleveka

Vinnar KonglekonkurranseKongleveka er over, og då er det tid for å trekkje vinnarar i den store spørjekonkurransen vår!

Den heldige vinnaren av eit gåvekort på kr 1000,- i valfri leikebutikk vart Maria Vedvik, 8 år frå Kaupanger. Maria ønskte seg gåvekort på Yes! vi leker – Leikerommet AS i Sogndal. Vi håpar ho finn mykje kjekt der!

Vi har også trekt ut 3 heldige vinnarar som får kvar sin Kongleriket hettegensar, desse er:
– Kaisa Hole, 10 år frå Gloppen
– Rakel Oldeide, 8 år frå Måløy
– Liv-Anna Sund Johannesen, 8 år frå Førde

Desse tre vil få tilsendt premien sin i posten.

Vinnar i skulestartkonkurransen!

Stolt KonglevinnarSkal sei vi fekk inn mange flotte teikningar i Skulestartkonkurransen vår! Den heldige vinnaren denne gongen heiter Matias L. Sætre, er 8 år og kjem frå Stryn.

Les heile «Vinnar i skulestartkonkurransen!»

Kongleløpet «Rett vest i Florø»

Rett vest Kongleløp

Laurdag 20. april er det løpsfest i Florø. Rett Vest blir arrangert for 32.gong. I samband med dette inviterer vi denne dagen til Kongleløp (4.2km) frå Stadion – rundt Storåsen kl 12.30. Alle som deltar får premie.

Medlemar av Kongleriket får gratis deltaking i Kongleløpet. Meld deg på her.  Det blir også mogleg å melde seg på til Kongleløpet i Florahallen fram til kl. 11.30 løpsdagen.

Vi håpar vi ser deg denne dagen!

 

Julekino i Florø – Blåfjell 2, Jakten på det magiske horn

Julekino i Florø

Tysdag 4.desember kl 18:00 blir det julekino på Flora Samfunnshus. Vi inviterer alle medlemmer av Kongleriket til filmen ” Blåfjell 2, Jakten på det magiske horn”. Ta gjerne med søsken og vener som er medlem i Kongleriket. Alle foreldre er og hjarteleg velkomne. Banken spanderer nissegodt til alle borna.

Påmelding innan søndag 2.desember.

 

Årets skulestartbilete er kåra!

Vi fekk inn mange flotte bidrag, og vinnaren av det stilige løparhjulet er Thomas Svoen frå Førde.

Sjå nokre av bileta her!

 

 

 

 

 

 

 

Les heile «Årets skulestartbilete er kåra!»