Offisiell opning av dagsturhytta i Førde

No har alle innbyggjarane i dei 26 kommunane i fylket fått si eiga dagsturhytte, og dette vil vi feire! Bli med oss og eventyrar Aleksander Gamme til Gyttakvia laurdag 27. april klokka 13. Møt oss ved hytta til folkefest og snorklipping. Ta med vener og familie.

Venene våre frå Kongleriket kjem også. Dei vil du mellom anna møte undervegs, og dei vil dele ut Konglesjokolade. På toppen vil det bli medaljeutdeling til alle barna.

Hugs eigen mat og drikke. Vi gler oss til å sjå deg der!

Gratis foredrag med Aleksander Gamme
Seinare på dagen inviterer vi til gratis foredrag med Gamme, landets kanskje mest allsidige ekspedisjonsfarar, der han vil snakke om folkehelse og korleis bruke naturen som rekreasjon.
Hugs å melde deg på!

Tid og stad: Førdehuset, 27. april kl. 16.
Meld deg på foredrag her

Good Time Charlie kjem også

Det folkekjære 50s & 60s soul og rhythm & blues bandet frå Førde og Bergen tek stemningsfullt i mot deg ved Gyttakvia.