Gaular

Kongledag i Førde onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre inn i banken til ei triveleg stund i lag med oss. Denne dagen har vi langope til kl 18.00.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone som dei får med seg heim.

Vi har også ei flott gåve til alle frå Kongleriket.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

Velkommen i banken til ei triveleg stund!

Kongleskileik på Langeland søndag 18. mars

KongleskileikDå er det klart for årets skileik!

Stad: Langeland – frammøte ved skihytta
Dag: Søndag 18. mars
Tidspunkt: kl. 12:00 – vi avsluttar ca kl. 15:00

Instruktørar frå langrennsgruppa i Førde Idrettslag vil i samarbeid med banken arrangere skileik og anna moro i snøen på Langeland.

For å vere med på skileikane treng du skiutstyr, godt med klede, mat og drikke. Du kan også ta med deg akebrett om du ønskjer det.

Vi håper at mor, far eller ein annan vaksen person kan vere med deg i løypa og at dei også tek med seg ski.
I matpausen samlast vi rundt bålet der det er høve til å grille medbrakte pølser. Vi serverer varm og kald saft.

Diplom til alle som deltek.

Skileiken passar best for barn mellom 3 og 10 år, men ta gjerne med søsken eller ein ven som ikkje er Konglekunde.

Ser deg på Langeland!

Kongledag og bursdagsfeiring i Førde 14. mars

Kongledag og bursdag


I
nvitasjon til Kongledag og bursdagsfering!
Kongleriket fyller 10 år i år! Dette vil vi gjerne markere med bursdagsfeiring i banken i Førde på Kongledagen onsdag 14. mars kl 16-18. Vi serverer muffins, alle borna får ei lita gåve og det blir konkurranse og aktivitetar. Har du ikkje høve å komme på ettermiddagen, så er du sjølvsagt velkommen tidlegare på dagen.

Bli med i konkurransen og vinn ein Elektrisk Mini Cooper bil!
Dyra i Kongleriket ønskjer seg bursdagskort! Lag eit bursdagskort til Kongleriket og bli med i trekninga. Har du ikkje høve til å komme i banken, kan du også sende oss kortet du har laga til
Sparebanken Sogn og Fjordane
Postboks 113
6801 FØRDE

Merk konvolutten med ”Bursdagshelsing til Kongleriket”

Hugs å skrive namn, postadresse og alder på bidraget.

VELKOMMEN I BANKEN!

Konglekino

 

 

 

 

 

 

I november og desember er det Konglekino på mange av stadane vi har kontor. Vi sender ut invitasjon med påmelding på e-post til foreldre med Konglekundar på dei stadane det blir kino rundt ei veke før den aktuelle kinoen.

Kvar: Film: Dato:
Bergen, Magnus Barfot (fullt) Ekspedisjon Knerten 19. november
Solund, Hardbakke Grendahus Ekspedisjon Knerten 23. november
Stryn Kulturhus Ekspedisjon Knerten 23. november
Friberg Kino, Balestrand Jul i Mummidalen 24. november
Sogndal Kino Ekspedisjon Knerten 25. november
Årdal Kino Ekspedisjon Knerten 26. november
Askvoll Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 27. november
Flora Kino Snekker Andersen og julenissen 28. november
Dalsøyra Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 29. november
Måløy Kino Ekspedisjon Knerten 29. november
Bremanger Jul i Mummidalen 1. desember
Fjaler Kino Snekker Andersen og julenissen 2. desember
Førde Kino Snekker Andersen og julenissen 5. desember
Eid Kino Paddington 2 9. desember
Lavik Ekspedisjon Knerten 12. desember

 

 

Kongledag i Førde torsdag 26. oktober

KongleflaskerTorsdag 26. oktober vert det Kongledag med langope i banken i Førde. Mellom 16:00 og 18:00 skjer det mykje spennande for Konglekundane!

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar og aktivitetar, og vinne ein Konglesekk eller kanskje endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Alle barna som kjem innom får ei flott drikkeflaske frå Kongleriket.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Kongleskileik på Langeland laurdag 25. mars

KongleskileikDå er det klart for årets Kongleskileik.

Stad: Langeland – frammøte ved skihytta
Dag: Laurdag 25. mars
Tidspunkt: kl. 12:00 – vi avsluttar ca kl. 15:00

Instruktørar frå langrennsgruppa i Førde Idrettslag vil i samarbeid med banken arrangere skileik og anna moro i snøen på Langeland.
For å vere med på skileikane treng du skiutstyr, godt med klede, mat og drikke. Du kan også ta med deg akebrett om du ynskjer det.

Vi håper at mor, far eller ein annan vaksen person kan vere med deg i løypa og at dei også tek med seg ski.
I matpausen samlast vi rundt bålet der det er høve til å grille medbrakte pølser. Vi serverer varm og kald saft.

Diplom til alle som deltek.

Har du ein ven som ikkje er Konglemedlem kan du gjerne ta han/ho med.

Kongleskileikane blir arrangert uansett ver, men dersom det ikkje er snø må vi avlyse leikane.

Ser deg på Langeland!

Kongledag i Førde 15. mars

Kongledag15. mars vert det Kongledag med langope i banken i Førde kl 09:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Sidan banken på Sande no er stengt, ønskjer vi å invitere gaularkundane til Førde.

Her kan barna delta i konkurransar og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Vi har eventyrstund kl 16.15, kl 16.45 og kl 17.15, der vi får høyre historia om første gongen Anna kom inn i Kongleriket. Det blir også diverse andre aktivitetar frå kl 15.30.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

PS! Vi planleggjer arrangement i Gaular i løpet av året – du får invitasjon når det nærmar seg!

Nissefest på Sande onsdag 14. desember

JUL_konglenisse_ubakgrunnNo er det jul igjen og vi ønskjer Konglekundane våre velkomne til nisse- og grautfest i banken på Sande onsdag 14. desember  kl 16:00-  18:00

Nissen kjem – håpar de og vil komme!!

 

Kongledagar i Gaular 10. og 13. oktober

KonglevekeMåndag 10. oktober kl. 9-16 og torsdag 13. oktober kl. 9-18 er det Kongledagar i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si.
I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Kongleskileik på Langeland

Søndag 3. april hadde vi Kongleskileik på Langeland i samarbeid med Sogn og Fjordane Skikrins. Skikrinsen stilte med mange gode hjelparar som var til stor hjelp for dei små som fekk startnummer.

50 påmelde var ute i løypene og prøvde dei forskjellige aktivitetane frå hopp, slalom og orgeltramp. Det vart også lagt opp til rebus der deltakarane skulle finne postar med pengeverdiar på.

Det vart lagt til rette frå banken at deltakarane saman med sine foreldre kunne sitte rundt opptente bål og grille. Det var god stemning i løypene – alle fekk diplom og sjokolade og saft som takk for god deltaking.