Gaular

Kongleveke og Kongletreff i Gaular

15. og 18. februar er det igjen klart for Kongleveke! vinterbilde300x300
Måndag og torsdag i Kongleveka kl 08.00 – 16.00 kan du kome å tømme sparebøssa di i banken på Sande. Alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Vi har også nokre kjekke aktivitetsark i banklokala der vi vil trekke ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg blir det quiz her på nettsidene, så følg med i Kongleveka.

KONGLETREFF I BYGSTAD

Tysdag 23. februar kl 17:30 – 19:30 inviterer vi til Kongletreff i klatrelokala på ”gamleskulen” i Bygstad i samarbeid med Gaular klatreklubb.
Du kan få prøve deg på klatreveggen og på Kongleriket sin natursti, tømme sparebøssa di eller få ta bilete til bankkort. Vi deler ut ei overrasking til alle Konglekundar som deltek, og det blir premie til den beste naturstigåaren og den beste klatraren.

Det vert servering av frukt og saft.

ER DU OVER 13 ÅR?
Dersom det er kundar frå 13 år og oppover som ønskjer å opne seg brukskonto og få bankkort – ta kontakt med Gaular-kontoret i forkant slik at dokumenta kan klargjerast.

Inger Helene tlf 577 18 412 og e-post: inger.helene.overbo@ssf.no

Katrine tlf 578 29 759 og e-post: katrine.osland@ssf.no

God stemning på nissefest

test sandeTorsdag 10.desember samla det seg nærare 100 personar i banklokalet på Sande til nissefest!

Alle borna fekk risengrynsgraut, rød saft, mandarinar og pepperkaker. Dei vaksne fekk kaffi  og mange av dei nytta sjansen til å smake på grauten òg.

Julestemninga var til å ta og føle på, både store og små koste seg. Høgdepunktet var då nissen endeleg kom etter at vi song «På låven sitter nissen». Han delte ut pakkar  (nissekoppar)  til alle dei snille borna som hadde møtt opp, og fekk eit par klemmar som takk. Nokre hadde i tillegg nytta høve til å ta med seg sparebøssa si, og fekk telt denne opp og sett pengane i banken.

Det såg ut til å vere ei fin oppleving både for dei små og dei store som kom på besøk, det var det i alle fall for oss som stelte til.

Vi ynskjer dykk alle ei fortreffeleg god jul!

Nissefest torsdag 10.desember

KonglenissenTorsdag 10.desember inviterer vi til nissefest i banken på Sande kl 15.30 – 18.00

Det vert servering av nissegraut, peparkaker og saft. Kanskje kjem nissen òg…?

Kom når det passar dykk best, vi held grauten varm.

Håpar de vil komme!

Konglesamling på Fosseheimen Naturpark

Svelgen2Tysdag 13.oktober (i veka etter haustferien) vert det konglesamling på Fosseheimen Naturpark for konglekundar i Gaular, Førde og Balestrand.
kl 17.30 – 19.30. 

Les heile «Konglesamling på Fosseheimen Naturpark»

Kongleveke 5.-9.oktober

Vi er klare for ny Kongleveke 5. og 8. oktober!Svelgen

Det vert langdagar måndag og torsdag i haustferien i banken på Sande kl 08.00 – 16.00.
Konglekundar og foreldre er hjarteleg velkomen innom for å tømme sparebøsse og får då ein «sparepremie».

 

Les heile «Kongleveke 5.-9.oktober»

Kongleskileik på Langeland

Laurdag 21. mars var omlag 100 Kongleborn samla på Langeland for å vere med på årets Kongleskileik som banken i Gaular og Førde arrangerte.

Les heile «Kongleskileik på Langeland»

Kongleskileik på Langeland 21. mars

Apen Albert står på skiDå er det klart for årets Kongleskileik.

Stad: Langeland – frammøte ved skihytta
Tid: Laurdag 21. mars
Tidspunkt: kl. 12:00 – vi avsluttar ca kl.15:00

Instruktørar frå langrennsgruppa i Førde Idrettslag vil i samarbeid med banken arrangere skileik og anna moro i snøen på Langeland.

For å vere med på skileikane treng du skiutstyr, godt med klede, mat og drikke. Du kan også ta med deg akebrett om du ynskjer det.

Vi håper at mor, far eller ein annan vaksen person kan vere med deg i løypa og at dei også tek med seg ski.

I matpausen samlast vi rundt bålet der det er høve til å grille medbrakte pølser. Vi serverer varm og kald saft.
Diplom til alle som deltek.

Har du ein ven som ikkje er Konglemedlem kan du gjerne ta han/ho med.
Kongleskileikane blir arrangert uansett ver, men dersom det ikkje er snø må vi avlyse leikane.

Ser deg på Langeland!

Kongleveka i Gaular 16.-20. februar

Kongleveke16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!
Det blir bøssetømming i banken på Sande måndag og torsdag kl 10.00 – 15.00  Alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

KONGLETREFF PÅ VIKSDALEN
Tysdag 17 . februar kl 17:00 – 18:30 ønskjer vi alle velkomne til Kongletreff på butikken i Viksdalen.

Det vil bli anledning til å tømme sparebøsser og servering av frukt og yoghurt fram til kl 18:00. Når mørket senkar seg vil vi ha natursti og kakao ute, og oppmodar om å ta med hovudlykt. Alle Kongleborn får ei lita overrasking, og ei gåve vankar til den beste «naturstigåaren».

KONGLETREFF I BYGSTAD
Torsdag 19. februar kl 18:00 – 20:00 inviterer vi til Kongletreff i klatrelokala på ”gamleskulen” i Bygstad i samarbeid med Gaular klatreklubb.

Du kan få prøve deg på klatreveggen og på Kongleriket sin natursti, tømme sparebøssa di eller få ta bilete til bankkort. Ei overrasking blir utdelt til alle Kongleborn som deltek, samt premiar til den beste naturstigåaren og den beste klatraren.

Det vert servering av frukt, yoghurt og saft.

ER DU OVER 13 ÅR?
Dersom det er kundar frå 13 år og oppover som ønskjer å opne seg brukskonto og bankkort – ta kontakt med Gaular kontoret i førekant slik at dokumenta kan klargjerast.

Tlf 578 29 759 og e-post: katrine.osland@ssf.no

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!


KONGLESKULE I HANDBALL
Vi minner også om Kongleskulen i handball for alle handballinteresserte i alderen 7-13 år, som blir arrangert i Førde i vinterferien – her er endå nokre ledige plassar igjen! Meld deg på her snarast!

Kongleskule i Handball 16. – 18. februar

Kongleskule i handballSparebanken Sogn og Fjordane og Førde Handball ønskjer å invitere deg til Kongleskule i vinterferien.

Les heile «Kongleskule i Handball 16. – 18. februar»

Nissefesten i Gaular

Tysdag 16. desember hadde vi graut- og nissefest i banken på Sande. Mange store og små møtte opp, 50 born og 30 vaksne!

Les heile «Nissefesten i Gaular»