Kongledagar i Gloppen

Kongledagar9. og 10. oktober var det Kongledagar i banken på Sandane.

Yrande liv under haustens Kongledagar i Gloppen. Denne veka var det haustferie for mange, så jamt og trutt gjennom heile veka hadde vi besøk av små Konglekundar med tunge sparebøsser mellom hendene. De har vore flinke! Dette blei belønna med ein valfri Konglepremie, og det blei delt ut både t-skjorter og sitteunderlag i store mengder.

Mange av dykk var òg med på konkurransen vår der hovudpremien var kr 1000,- i valfri leikebutikk. Her vart vinnaren Maria Vedvik – gratulerer! I tillegg får følgjande Konglemedlemar kvar sin tøffe hettegensar i posten: Kaisa Hole, Rakel Oldeide og Liv Anna Sund Johansen.

Takk til alle som var innom – kjekt med besøk og velkomne igjen!