Nordfjordrittet

Så var historiens første Nordfjordritt og Nordfjordritt Ung vel gjennomført. 8. juni var ca. 250 syklistar i alle aldrar i sving – enten sykla dei hovudrittet rundt Nordfjorden eller så var med på barnerittet i rundløypa på Vereide. 

Om lag 60 barn i alderen 8-16 år var med på Nordfjordrittet Ung. Her kunne dei  velgje  – ut i frå alder, sykkelferdigheiter og kondisjon – kor langt dei ville sykle. 1, 2 eller 3 runder à ca. 7 km. Innsatsen var stor og farten imponerande høg, så her blei det på ingen måte spart på kruttet. Vel i mål fekk alle pølse med brød og litt å drikke, før det var felles premieutdeling til slutt. Vi var på plass å delte ut medaljar  og drikkeflasker til flinke syklistar. Beste skuleklasse blei òg kåra – utifrå kven som stilte med flest deltakarar (i forhold til antall elevar i klassa). Her stakk 5. klasse på Nordstranda skule av med sigeren, og fekk eit visa gåvekort à kr. 500,-. Dei stilte med 10 av 18 elevar. Veldig bra!

Vergudane var òg nokon lunde på lag med oss, slik at dei som sykla den lange turen rundt fjorden ikkje hadde det så aller verst. Travelt var det nok, men det var mange fornøgde syklistar å sjå i målområdet. Gratulerer til Eidsfossen for eit godt gjennomført arrangement. Vi gledar oss til fortsettelsen!

NordfjordrittetNordfjordrittet