Hornindal

Strynemila

Apen AlbertLaurdag 3. september det duka for Strynemila 2016 med Barnemila!

Strynemila:
Start trimklasse  kl. 12:00
Start konkurranseklasse  kl. 13:00

Påmelding trim- og konkurranseklasse 
frå kl. 11:00 – 11:45

Barnemila:
Start barnemila kl. 14:15
Påmelding barnemila frå kl. 13:00 – 14:00
Barnemila er gratis og det er
premiar til alle!

Premieutdeling kl. 14:30

Prisar:
Trimklasse kr 100
Konkurranse kr 100
Familie kr 200

Mini Skåla opp laurdag 13. august

Mini Skåla oppBli med på ”Mini Skåla Opp”, eit motbakkeløp for deg mellom 5-12 år!

Det blir ei blanding av motbakkeløp på idealtid og natursti. Det er flotte premiar for alle deltakarane. I startområdet ved Tjugen blir det ­Konglekonkurransar og aktivitetar.

Kjekt å vite
– Løypa går frå parkeringsplassen til Skåla ved Tjugen
– 28 m.o.h. og 2.100 meter opp til Tjugensætra på 365 m.o.h.
– Ingen påmelding, ta med deg både familie og vener!
– Løpet startar kl 11:15, men vi er på plass i startområdet frå kl 10:00
– Barn under 5 år kan sjølvsagt også delta, men grunna sikkerheit må alle startande ha med ein vaksen som følgje

Alle born er hjarteleg velkomne uansett om dei vil delta i løpet, eller berre vere ein dag ute i den flotte naturen.

Kongleveke 15.-19. februar

15.-19. februar er vi klare for ny Kongleveke! vinterbilde300x300
Vi håpar så mange som mogleg kjem innom oss for å tømme sparebøssene sine. Då får du nemleg ei fin overrasking frå Kongleriket. I Kongleveka har vi kjekke aktivitetsark der vi trekk ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg kan du vere med i konglevekequizen vår og vinne gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Dette blir heilt KONGLE!

Kongleveke 5.-9. oktober

Vi er klare for ny Kongleveke frå 5. til 9. oktober!Svelgen

Ta med deg sparebøssa di og kom innom banken – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket.

 

Les heile «Kongleveke 5.-9. oktober»

Barneskirenn i Stryn laurdag 21. februar

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med Stryn Treskifestival til barneskirenn laurdag 21. februar

Påmelding før kl 14:00. Start kl 14:30.

Premiar til alle! Vel møtt! Les meir om Stryn Treskifestival under:

Stryn Treskifestival

Kongleveka i Stryn 16.- 20. februar

Kongleveke

16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Det blir også bøssetømming ved Bank i Butikk på Coop Hornindal tysdag 17. februar kl 11:00 – 13:00.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

Vinnar i rebuskonkurransen i Kongleveka

AndreaI førre Kongleveke hadde vi ein kjekk rebuskonkurranse der ein heldig Konglekunde kunne vinne eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk. 

Den heldige vinnaren vart Andrea Amundsen på 6 år frå Leikanger. Andrea ønskte seg gåvekort frå Yes! Vi leker i Sogndal. Ho vil bruke gåvekortet til å kjøpe huset til Askepott, og så vil ho dele litt med tvillingbroren, slik at han også får noko.

Vi gratulerer Andrea!

Vi trekte også tre andre som får ei overrasking frå Kongleriket. Dette var Marius Ylvisåker 10 år frå Fardal, Elian Torsheim 4 år frå Høyanger og Emil Bell Folland 3 år frå Sande. Overraskinga kjem i posten snart!

Kongleveka i Stryn og Hornindal 6.-10. oktober

Kongleveke 6.-10. oktober6.-10. oktober er det igjen klart for Kongleveke!

Les heile «Kongleveka i Stryn og Hornindal 6.-10. oktober»

Hausthelg i Oppstryn

Hjørdis HjortFredag 5. og laurdag 6. september er det Hausthelg på Folven i Hjelledalen

Sjå plakaten for Hausthelg her

Strynemila og barnemila laurdag 23. august

Apen AlbertLaurdag 23. august er det klart for Strynemila!

Les heile «Strynemila og barnemila laurdag 23. august»