Hyllestad

Kongledag i Dale og Askvoll onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre til ei triveleg stund i lag med oss!

Vi har langope i banken i Dale til kl. 18:00 og er på Coop i Askvoll frå kl 15:00 til 18:00. Her blir det bøssetømming, og alle får ein fin premie frå Kongleriket.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone, som dei får med seg heim.

Barna kan også delta i ein konkurranse der premien er ein flott sparkesykkel eller Konglesekk.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

PS! Du møter oss også på Julemessa på Leirvik Senter i Hyllestad. Følg med for meir informasjon!

 

Kongledag og bursdagsfering i Dale 14. mars

Kongledag og bursdag


I
nvitasjon til Kongledag og bursdagsfering!
Kongleriket fyller 10 år i år! Dette vil vi gjerne markere med bursdagsfeiring i banken i Dale på Kongledagen onsdag 14. mars kl 16-18. Vi serverer kake, alle barna får ei lita bursdagsgåve og det blir konkurranse og bøssetømming.

Bli med i konkurransen og vinn ein Elektrisk Mini Cooper bil!
Dyra i Kongleriket ønskjer seg bursdagskort! Lag eit bursdagskort til Kongleriket og bli med i trekninga. Har du ikkje høve til å komme i banken, kan du også sende oss kortet du har laga til
Sparebanken Sogn og Fjordane
Postboks 113
6801 FØRDE

Merk konvolutten med ”Bursdagshelsing til Kongleriket”

Hugs å skrive namn, postadresse og alder på bidraget.

VELKOMMEN I BANKEN!

PS! Dersom du høyrer heime i Askvoll, så er vi også til stades på Coop Marked Askvoll på Kongledagen onsdag 14. mars kl 16-18. Les meir om det her.

Sjå Ferdinand i lag med oss

Vi inviterer med dette Konglekundane våre  med på kino fredag 12. januar kl. 18.00 i Vonheim, Sørbøvåg. Då ser vi filmen Ferdinand i lag. Også tidlegare Konglekundar (8-12 åringane) er hjarteleg velkomne.

Påmelding med tal barn som skal vere med innan 11.januar til pmdale@ssf.no eller tlf til Turid 57 73 72 12. Kinoen er gratis for konglebarna.

Velkomen til ei koseleg filmoppleving med oss i banken.

Elin Ekorn, Kåre Bjørn og bøssetømming i Leirvik 2. desember

Elin Ekorn og Kåre Bjørn

Møt oss på julemessa laurdag 2. desember i Leirvik Senter!

Elin Ekorn og Kåre Bjørn er tilstades, og du som er Konglekunde kan tømme sparebøssa di.

Kom innom oss då vel – Dette blir Heilt Kongle!

 

Konglekino

 

 

 

 

 

 

I november og desember er det Konglekino på mange av stadane vi har kontor. Vi sender ut invitasjon med påmelding på e-post til foreldre med Konglekundar på dei stadane det blir kino rundt ei veke før den aktuelle kinoen.

Kvar: Film: Dato:
Bergen, Magnus Barfot (fullt) Ekspedisjon Knerten 19. november
Solund, Hardbakke Grendahus Ekspedisjon Knerten 23. november
Stryn Kulturhus Ekspedisjon Knerten 23. november
Friberg Kino, Balestrand Jul i Mummidalen 24. november
Sogndal Kino Ekspedisjon Knerten 25. november
Årdal Kino Ekspedisjon Knerten 26. november
Askvoll Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 27. november
Flora Kino Snekker Andersen og julenissen 28. november
Dalsøyra Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 29. november
Måløy Kino Ekspedisjon Knerten 29. november
Bremanger Jul i Mummidalen 1. desember
Fjaler Kino Snekker Andersen og julenissen 2. desember
Førde Kino Snekker Andersen og julenissen 5. desember
Eid Kino Paddington 2 9. desember
Lavik Ekspedisjon Knerten 12. desember

 

 

Kongledag i Dale og Askvoll torsdag 26. oktober

Kongleflasker
Torsdag 26. oktober vert det Kongledag med langope i banken i Dale kl 10:00 – 18:00. I tillegg blir det Kongledag ved butikken i Askvoll frå klokka
15:00 -17:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen både i banken og til butikken i Askvoll for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar, og vinne ein Konglesekk eller kanskje endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!
Alle barna som kjem får ei flott drikkeflaske frå Kongleriket.

Velkommen til ei triveleg stund!

Julekino i Hyllestad 11. november


Snekker Andersen og Julenissen (plakat)
Fredag 11. november inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Snekker Andersen og Julenissen» i Vonheim på Sørbøvåg. 

Alf Prøysen si sjarmerande og stemningsfulle juleforteljing om Julenissen og snekkaren som byter roller på julekvelden har gleda barn og vaksne sidan 1959, og historia er for mange sjølve symbolet på den norske julestemninga. Filmen er den første filmatiseringa av Alf Prøysen i nyare tid.

Dørene opnar kl. 17:30 og filmen starter kl. 18:00. Kinoen er gratis for alle medlemmer i Kongleriket. Vi spanderer litt kinogodt.

Påmelding innan torsdag 10.november til pmhyllestad@ssf.no
Har du ikkje e-post, kan du ringe Turid 57 78 89 58
eller Mari 57 73 72 04

Velkommen!

 

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Kongleveke

15.-19. februar er vi klare for ny Kongleveke. vinterbilde300x300

Kongleveka i Hyllestad held til i banken, ikkje i Bank i butikk. Alle som kjem innom oss i banken og tømmer sparebøssa si får ei overrasking frå Kongleriket.

På nettsidene til Kongleriket kan du vere med på Konglevekequizen vår.

Julekino 20.november

PrintFredag 20. november inviterer vi alle Konglekundar til kinoen « Julekongen – Full rustning»  i Vonheim på Sørbøvåg.

Dørene opnar kl. 17:30 og filmen starter kl. 18:00. Kinoen er gratis for alle medlemmer i Kongleriket. Vi spanderer litt kinogodt.

Påmelding innan onsdag 18. november til turid.skivenesvaag@ssf.no
Har du ikkje e-post, kan du ringe 57788958/57788956.

Velkommen!