Hyllestad

Kongleveke 5.-9.oktober

Vi er klare for ny Kongleveke frå 5. til 9. oktober!Svelgen

Ta med deg sparebøssa di og kom innom banklokala – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Viktig: Kongleveka held til i banken, ikkje på butikken.

 

Kongleaksjon: Bebuarane i Kongleriket ønskjer å hjelpe flyktingbarna og har starta innsamlingsaksjon. Den kan du vere med å støtte her:  Du kan òg legge pengar på konglesparebøssa vår i banken, som vi vil gi til Røde Kors sin innsamlingsaksjon til flyktningane.

Dette blir HEILT KONGLE

Kongleveka i Hyllestad 16.-20. februar

Kongleveke

16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!

Det blir bøssetømming i banken i Leirvik tysdag og fredag kl 10:00 – 15:00. Alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

Julekino i Sørbøvåg 21. november – “Karsten og Petras vidunderlige jul”

Karsten og Petras vidunderlige julFredag 21. november blir det kino for alle kundane i Kongleriket. Ta gjerne med søsken og foreldre til Vonheim, Sørbøvåg.

Les heile «Julekino i Sørbøvåg 21. november – “Karsten og Petras vidunderlige jul”»

Vinnar i rebuskonkurransen i Kongleveka

AndreaI førre Kongleveke hadde vi ein kjekk rebuskonkurranse der ein heldig Konglekunde kunne vinne eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk. 

Den heldige vinnaren vart Andrea Amundsen på 6 år frå Leikanger. Andrea ønskte seg gåvekort frå Yes! Vi leker i Sogndal. Ho vil bruke gåvekortet til å kjøpe huset til Askepott, og så vil ho dele litt med tvillingbroren, slik at han også får noko.

Vi gratulerer Andrea!

Vi trekte også tre andre som får ei overrasking frå Kongleriket. Dette var Marius Ylvisåker 10 år frå Fardal, Elian Torsheim 4 år frå Høyanger og Emil Bell Folland 3 år frå Sande. Overraskinga kjem i posten snart!

Kongleveke 6.- 10. oktober

Kongleveke 6.-10. oktober6.- 10. oktober er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom banken – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Vi har også spennande konkurransar med fine premiar, som du kan delta i!

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

Vinn gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Kongleminiputt

Sjå bilder frå Kongleminiputturnering!

Vinnar av spørjekonkurransen i Kongleveka

Vinnar KonglekonkurranseKongleveka er over, og då er det tid for å trekkje vinnarar i den store spørjekonkurransen vår!

Den heldige vinnaren av eit gåvekort på kr 1000,- i valfri leikebutikk vart Maria Vedvik, 8 år frå Kaupanger. Maria ønskte seg gåvekort på Yes! vi leker – Leikerommet AS i Sogndal. Vi håpar ho finn mykje kjekt der!

Vi har også trekt ut 3 heldige vinnarar som får kvar sin Kongleriket hettegensar, desse er:
– Kaisa Hole, 10 år frå Gloppen
– Rakel Oldeide, 8 år frå Måløy
– Liv-Anna Sund Johannesen, 8 år frå Førde

Desse tre vil få tilsendt premien sin i posten.

Vinnar i skulestartkonkurransen!

Stolt KonglevinnarSkal sei vi fekk inn mange flotte teikningar i Skulestartkonkurransen vår! Den heldige vinnaren denne gongen heiter Matias L. Sætre, er 8 år og kjem frå Stryn.

Les heile «Vinnar i skulestartkonkurransen!»

Kom deg ut dagen i Hyllestad

Søndag 1. september inviterte Sparebanken Sogn og Fjordane, Barnas Turlag  Hyllestad og Birkeland Camping til ”Kom deg ut dag” på Birkeland Camping.

Les heile «Kom deg ut dagen i Hyllestad»

Årets skulestartbilete er kåra!

Vi fekk inn mange flotte bidrag, og vinnaren av det stilige løparhjulet er Thomas Svoen frå Førde.

Sjå nokre av bileta her!

 

 

 

 

 

 

 

Les heile «Årets skulestartbilete er kåra!»