Konglekino på Dalsøyra

Tradisjonen tru inviterer vi Konglekundane våre med på Konglekino på Dalsøyra Samfunnshus. I år viser vi Snekker Andresen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul. Eldre søsken er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Det er første mann til mølla, så meld dykk på i god tid innan tysdag 12. november. Arrangementet er gratis, og vi spanderar kinogodt. Ta med familien og bli med på moroa!

Tidspunkt: onsdag 13. november kl. 18:00

Meld deg på her.