Kongleveka i Årdal

Vel overstått kongleveke i Årdal!

Kongleveka på Årdalskontoret er vel over og vi er stornøgde over kor mange kongleborn som kom i banken.

Vi hadde ny besøksrekord denne veka og veggen vår er dekt av nydelege teikningar av konglerikefigurane. Dei aller fleste var med på konkurransen vår og den heldige vinnaren av gåvekortet vart Sina Lio Søvde. Gratulerar Sina :)

Elles gjekk muffinsane og juicen ned på høgkant og det var god stemning blant både vaksne og born som de ser på bilda nedunder.

Takk for denne gongen og velkomen attende i haustferien.

Helsing alle på Årdalskontoret!