Leikanger

Kongleveke 16.- 20. februar

Kongleveke16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!

Vinnar i rebuskonkurransen i Kongleveka

AndreaI førre Kongleveke hadde vi ein kjekk rebuskonkurranse der ein heldig Konglekunde kunne vinne eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk. 

Den heldige vinnaren vart Andrea Amundsen på 6 år frå Leikanger. Andrea ønskte seg gåvekort frå Yes! Vi leker i Sogndal. Ho vil bruke gåvekortet til å kjøpe huset til Askepott, og så vil ho dele litt med tvillingbroren, slik at han også får noko.

Vi gratulerer Andrea!

Vi trekte også tre andre som får ei overrasking frå Kongleriket. Dette var Marius Ylvisåker 10 år frå Fardal, Elian Torsheim 4 år frå Høyanger og Emil Bell Folland 3 år frå Sande. Overraskinga kjem i posten snart!

Kongleveke på Leikanger 6.- 10. oktober

Kongleveke 6.-10. oktoberVi startar Kongleveka laurdag 4. oktober i samband med feiring av Leikanger Sparebank fyller 150 år og Fruktbare dagar på Leikanger.

Les heile «Kongleveke på Leikanger 6.- 10. oktober»

Kongleminiputt

Sjå bilder frå Kongleminiputturnering!

Vinnar av spørjekonkurransen i Kongleveka

Vinnar KonglekonkurranseKongleveka er over, og då er det tid for å trekkje vinnarar i den store spørjekonkurransen vår!

Den heldige vinnaren av eit gåvekort på kr 1000,- i valfri leikebutikk vart Maria Vedvik, 8 år frå Kaupanger. Maria ønskte seg gåvekort på Yes! vi leker – Leikerommet AS i Sogndal. Vi håpar ho finn mykje kjekt der!

Vi har også trekt ut 3 heldige vinnarar som får kvar sin Kongleriket hettegensar, desse er:
– Kaisa Hole, 10 år frå Gloppen
– Rakel Oldeide, 8 år frå Måløy
– Liv-Anna Sund Johannesen, 8 år frå Førde

Desse tre vil få tilsendt premien sin i posten.

Vinnar i skulestartkonkurransen!

Stolt KonglevinnarSkal sei vi fekk inn mange flotte teikningar i Skulestartkonkurransen vår! Den heldige vinnaren denne gongen heiter Matias L. Sætre, er 8 år og kjem frå Stryn.

Les heile «Vinnar i skulestartkonkurransen!»

Årets skulestartbilete er kåra!

Vi fekk inn mange flotte bidrag, og vinnaren av det stilige løparhjulet er Thomas Svoen frå Førde.

Sjå nokre av bileta her!

 

 

 

 

 

 

 

Les heile «Årets skulestartbilete er kåra!»