Måløy

Kongledag i Måløy onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre inn i banken til ei triveleg stund i lag med oss. 

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone som dei får med seg heim.

Vi har også ei flott gåve til alle frå Kongleriket.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

Velkommen i banken til ei triveleg stund!

Kongledag og bursdagsfeiring i Måløy 14. mars

Kongledag og bursdagInvitasjon til Kongledag og bursdagsfering!
Kongleriket fyller 10 år i år! Dette vil vi gjerne markere med bursdagsfeiring i banken på Kongledagen onsdag 14. mars kl 10-15. Vi serverer kake, alle barna får ei lita bursdagsgåve og det blir konkurranse og aktivitetar.

Bli med i konkurransen og vinn ein Elektrisk Mini Cooper bil!
Dyra i Kongleriket ønskjer seg bursdagskort! Lag eit bursdagskort til Kongleriket og bli med i trekninga. Har du ikkje høve til å komme i banken, kan du også sende oss kortet du har laga til
Sparebanken Sogn og Fjordane
Postboks 113
6801 FØRDE

Merk konvolutten med ”Bursdagshelsing til Kongleriket”

Hugs å skrive namn, postadresse og alder på bidraget.

VELKOMMEN I BANKEN!

Konglekino i Måløy 29. november

Vi inviterer med dette Konglekundane våre (frå 3 år) med på kino onsdag 29. november kl. 17.00 på Måløy kino. Då får vi eit gjensyn med Knerten og venene hans i “Ekspedisjon Knerten”. Også tidlegare Konglekundar (8-12 åringane) er hjarteleg velkomne.

Dørene opnar kl 17:00, filmen startar kl 17:30.

 

Vi har endå nokre ledige plassar, så her vert det først til mølla! Meld på til e-post: mary.ann.lodoen@ssf.no eller tlf 57 84 88 19, med antal barn og vaksne som vil delta. Kinoen er gratis.

Velkomen til ei koseleg kino oppleving med oss i banken.

Konglekino

 

 

 

 

 

 

I november og desember er det Konglekino på mange av stadane vi har kontor. Vi sender ut invitasjon med påmelding på e-post til foreldre med Konglekundar på dei stadane det blir kino rundt ei veke før den aktuelle kinoen.

Kvar: Film: Dato:
Bergen, Magnus Barfot (fullt) Ekspedisjon Knerten 19. november
Solund, Hardbakke Grendahus Ekspedisjon Knerten 23. november
Stryn Kulturhus Ekspedisjon Knerten 23. november
Friberg Kino, Balestrand Jul i Mummidalen 24. november
Sogndal Kino Ekspedisjon Knerten 25. november
Årdal Kino Ekspedisjon Knerten 26. november
Askvoll Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 27. november
Flora Kino Snekker Andersen og julenissen 28. november
Dalsøyra Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 29. november
Måløy Kino Ekspedisjon Knerten 29. november
Bremanger Jul i Mummidalen 1. desember
Fjaler Kino Snekker Andersen og julenissen 2. desember
Førde Kino Snekker Andersen og julenissen 5. desember
Eid Kino Paddington 2 9. desember
Lavik Ekspedisjon Knerten 12. desember

 

 

Kongeldag i Måløy torsdag 26. oktober

KongleflaskerTorsdag 26. oktober vert det Kongledag i banken!

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar, og vinne ein Konglesekk eller kanskje endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Alle barna som kjem innom får ei flott drikkeflaske frå Kongleriket.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Kongledag i Måløy onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Kl. 17:00 vert det skattejakt i parken.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Julekino i Måløy 25. november

Gubben og KattenFredag 25. november inviterer vi alle Konglekundar til kinoen «Gubben og Katten – Tidenes gladeste jul» på Måløy Kino. 

Pettersen har lova Findus at det skal bli den beste jula nokon sinne – men dei har ikkje hellet med seg! Findus er redd at det ikkje vil bli noko julefeiring i det heile tatt og prøver derfor å arrangere alt på eigahand.

Dørene opnar 16.30 og filmen startar klokka 17.00

Her er det først til mølla som gjeld! Påmelding innan 21. november til sissel.wik@ssf.no  eller på tlf: 57 84 88 16

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Kongleveke 15.-19. februar

15.-19. februar er vi klare for ny Kongleveke! vinterbilde300x300
Vi håpar så mange som mogleg kjem innom oss for å tømme sparebøssene sine. Då får du nemleg ei fin overrasking frå Kongleriket. I Kongleveka har vi kjekke aktivitetsark der vi trekk ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg kan du vere med i konglevekequizen vår og vinne gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Dette blir heilt KONGLE!

Konglekino 15.november

Søndag 15.november blir det kino for alle Printkundane i Kongleriket der vi viser “Julekongen – Full Rustning”. Ta gjerne med søsken og foreldre til Måløy Kino.

Dørene opnar 17.30 og filmen startar klokka 18.00. Kinoen er gratis for alle Konglekundar, og vi spanderer litt kinosnop.

For at alle skal få plass, så send påmelding til mary.ann.lodoen@ssf.no eller ring 57 84 88 18 med antal barn og vaksne som vil delta.