Opning av Vetehytta laurdag 13. juli

Klatredag

Bli med på opning av Dagsturhytta i Bremanger, laurdag 13. juli.
I samband med Vetenløpet opnar vi offisielt Vetehytta! Det blir ein kjekk dag for store og små, med medaljeutdeling til barna på hytta.

Kjekt å vite:

-Parkering ved Grotlesanden. Stien starter ved naustrekkja og vidare til steingard og grind

til utmarka. Stien er ikkje merka, men er svært tydeleg heile vegen.

-Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!

-Vi er på hytta frå kl. 11:00, og så blir det JUBELBLUES med Good Time Charlie kl. 12:30

-Snorklipping kl. 14:00

-Ta med eigen mat og drikke.

Vi gler oss til å sjå deg der. Vel møtt!