Opning av Vidsyn fredag 30. august

Klatredag

Bli med på opning av Dagsturhytta i Fjaler, fredag 30. august.
Det blir ein kjekk dag for store og små, med medaljeutdeling til barna på hytta.

Kjekt å vite:

-Starten ved Furset ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule. Ein kan ta av ved skilt ved fv65 og køyre 750 meter langs skogsveg der det er parkeringsplass. Ein kan også starte frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida.

-Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!

-Snorklipping ved Gunhild Berge Stang kl. 11:00

-Det blir enkel servering og kultur innslag på hytta

Vi gler oss til å sjå deg der. Vel møtt!