Aktivitetar

Konglekino i Solund

Tradisjonen tru inviterer vi Konglekundane våre med på Konglekino på Solund Grendahus på Hardbakke. I år viser vi Snekker Andresen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul. Eldre søsken er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Det er første mann til mølla, så meld dykk på i innan onsdag 20. november. Arrangementet er gratis. Ta med familien og bli med på moroa!

Tidspunkt: torsdag 21. november kl. 18:30

Meld deg på her

Konglekino i Askvoll

Tradisjonen tru inviterer vi Konglekundane våre med på Konglekino i Askvoll Samfunnshus. I år viser vi Snekker Andresen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul. Eldre søsken er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Det er første mann til mølla, så meld dykk på i god tid innan fredag 15. november. Arrangementet er gratis. Ta med familien og bli med på moroa!

Tidspunkt: søndag 17. november kl. 15:30

Meld deg på her. 

Konglekino i Måløy

Tradisjonen tru inviterer vi Konglekundane våre med på Konglekino på Måløy Kino. I år viser vi Snekker Andresen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul. Eldre søsken er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Det er første mann til mølla, så meld dykk på i god tid innan onsdag 13. november. Arrangementet er gratis. Ta med familien og bli med på moroa!

Tidspunkt: torsdag 14. november kl. 18:00

Meld deg på her. 

Konglekino på Dalsøyra

Tradisjonen tru inviterer vi Konglekundane våre med på Konglekino på Dalsøyra Samfunnshus. I år viser vi Snekker Andresen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul. Eldre søsken er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Det er første mann til mølla, så meld dykk på i god tid innan tysdag 12. november. Arrangementet er gratis, og vi spanderar kinogodt. Ta med familien og bli med på moroa!

Tidspunkt: onsdag 13. november kl. 18:00

Meld deg på her.

Opning av Vidsyn fredag 30. august

Klatredag

Bli med på opning av Dagsturhytta i Fjaler, fredag 30. august.
Det blir ein kjekk dag for store og små, med medaljeutdeling til barna på hytta.

Kjekt å vite:

-Starten ved Furset ligg mellom Fure ferjekai og Våge skule. Ein kan ta av ved skilt ved fv65 og køyre 750 meter langs skogsveg der det er parkeringsplass. Ein kan også starte frå Skor ved Folkestad. Det er best parkering på Furset-sida.

-Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!

-Snorklipping ved Gunhild Berge Stang kl. 11:00

-Det blir enkel servering og kultur innslag på hytta

Vi gler oss til å sjå deg der. Vel møtt!

Opning av Orrebu 25. august

Klatredag

Bli med på opning av Dagsturhytta i Leikanger, søndag 25. august.
Det blir ein kjekk dag for store og små, med medaljeutdeling til barna på hytta.

Kjekt å vite:

-Parkering på parkeringsplassen ved Kleppa. Du har fleire turmoglegheiter for å kome til Orrebu. Den kortaste startar ved Kleppa.

-Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!

-Snorklipping kl. 13:00

-Ta med eigen mat og drikke.

Vi gler oss til å sjå deg der. Vel møtt!

Opning av Vetehytta laurdag 13. juli

Klatredag

Bli med på opning av Dagsturhytta i Bremanger, laurdag 13. juli.
I samband med Vetenløpet opnar vi offisielt Vetehytta! Det blir ein kjekk dag for store og små, med medaljeutdeling til barna på hytta.

Kjekt å vite:

-Parkering ved Grotlesanden. Stien starter ved naustrekkja og vidare til steingard og grind

til utmarka. Stien er ikkje merka, men er svært tydeleg heile vegen.

-Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!

-Vi er på hytta frå kl. 11:00, og så blir det JUBELBLUES med Good Time Charlie kl. 12:30

-Snorklipping kl. 14:00

-Ta med eigen mat og drikke.

Vi gler oss til å sjå deg der. Vel møtt!

Bli med på Mini Skåla Opp

Bli med på ”Mini Skåla Opp” laurdag 17. august kl 11:00, eit motbakkeløp for deg mellom 5-12 år!
Det blir ei blanding av motbakkeløp på idealtid og natursti. Det er flotte
premiar for alle deltakarane. I startområdet ved Tjugen blir det ­Konglekonkurransar og aktivitetar.

Kjekt å vite:

-Løypa går frå parkeringsplassen til Skåla ved Tjugen
28 m.o.h. og 2.100 meter opp til Tjugensætra på 365 m.o.h.

-Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!

-Løpet startar kl 11:15, men vi er på plass i startområdet frå kl 10:00

-Barn under 5 år kan sjølvsagt også delta, men grunna sikkerheit
må alle startande ha med ein vaksen som følgje

Alle born er hjarteleg velkomne uansett om dei vil delta i løpet, eller berre vere ein dag ute i den flotte naturen.

Kongleløp i Svelgen laurdag 15. juni

I samband med Molda Opp arrangerer vi eit Kongleløp for dei minste.

Løpet startar kl. 12. Oppmøte er bommen ved skogsvegen. Vi får også besøk av Kåre Bjørn og Elin Ekorn ved Molda hytta. Ta med vener og familie, gode sko og noko å drikke. Vel møtt!

Offisiell opning av dagsturhytta i Sogndal

No har alle innbyggjarane i dei 26 kommunane i fylket fått si eiga dagsturhytte, og dette vil vi feire! Bli med oss og eventyrar Aleksander Gamme til Stedjeåsen søndag 28. april klokka 13. Møt oss ved hytta til folkefest, medaljeutdeling og snorklipping. Ta med vener og familie.

Venene våre frå Kongleriket kjem også. Dei vil du mellom anna møte undervegs, og dei vil dele ut Konglesjokolade. På toppen vil det bli medaljeutdeling til alle barna.

Hugs eigen mat og drikke. Vi gler oss til å sjå deg der!

Gratis foredrag med Aleksander Gamme 

Seinare på dagen inviterer vi til gratis foredrag med Gamme, landets kanskje mest allsidige ekspedisjonsfarar, der han vil snakke om folkehelse og korleis bruke naturen som rekreasjon.
Hugs å melde deg på!

Tid og stad: Sogndal kulturhus, 28. april kl. 16.

Meld deg på foredrag her

Good Time Charlie kjem også

Det folkekjære 50s & 60s soul og rhythm & blues bandet frå Førde og Bergen tek stemningsfullt i mot deg ved Stedjeåsen.