Sogndal

Konglekino i Sogndal

Tradisjonen tru inviterer vi Konglekundane våre med på Konglekino i Sogndal Kulturhus. I år viser vi førpremiere på Frost 2. Eldre søsken er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Det er første mann til mølla, så meld dykk på i god tid innan fredag 5. november. Arrangementet er gratis. Ta med familien og bli med på moroa!

Tidspunkt: søndag 8. desember kl. 16:00

Meld deg på her

Offisiell opning av dagsturhytta i Sogndal

No har alle innbyggjarane i dei 26 kommunane i fylket fått si eiga dagsturhytte, og dette vil vi feire! Bli med oss og eventyrar Aleksander Gamme til Stedjeåsen søndag 28. april klokka 13. Møt oss ved hytta til folkefest, medaljeutdeling og snorklipping. Ta med vener og familie.

Venene våre frå Kongleriket kjem også. Dei vil du mellom anna møte undervegs, og dei vil dele ut Konglesjokolade. På toppen vil det bli medaljeutdeling til alle barna.

Hugs eigen mat og drikke. Vi gler oss til å sjå deg der!

Gratis foredrag med Aleksander Gamme 

Seinare på dagen inviterer vi til gratis foredrag med Gamme, landets kanskje mest allsidige ekspedisjonsfarar, der han vil snakke om folkehelse og korleis bruke naturen som rekreasjon.
Hugs å melde deg på!

Tid og stad: Sogndal kulturhus, 28. april kl. 16.

Meld deg på foredrag her

Good Time Charlie kjem også

Det folkekjære 50s & 60s soul og rhythm & blues bandet frå Førde og Bergen tek stemningsfullt i mot deg ved Stedjeåsen.

Konglekino laurdag 8. desember

Tradisjonen tru inviterer vi til Konglekino for både store og små. Foreldre er sjølvsagt og invitert. Bli med!

Filmen som vert vist er Grinchen laurdag 8. desember klokka 15:00.

Kongledag i Sogndal onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre inn i banken til ei triveleg stund i lag med oss. Denne dagen har vi langope til kl 18.00.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone som dei får med seg heim.

Vi har også ei flott gåve til alle frå Kongleriket.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

Velkommen i banken til ei triveleg stund!

Fruktbare dagar på Leikanger laurdag 6. oktober

Kongledag og bursdag

Vi inviterer til Kongledag under Fruktbare dagar på Leikanger på laurdag!

Vi held til i biblioteket mellom kl 10:-13:00. Her kan du tømme sparebøssa di og helse på Kåre Bjørn og Elin Ekorn.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan du lage di eiga bursdagskrone, og det vert konkurranse og premie til alle som kjem!

Velkommen!

Kongledag og bursdagsfeiring i Sogndal 14. mars

Kongledag og bursdag


I
nvitasjon til Kongledag og bursdagsfering!
Kongleriket fyller 10 år i år! Dette vil vi gjerne markere med bursdagsfeiring i banken i Sogndal på Kongledagen onsdag 14. mars kl 16-18. Vi serverer kake, alle barna får ei lita bursdagsgåve og det blir konkurranse og aktivitetar.

Bli med i konkurransen og vinn ein Elektrisk Mini Cooper bil!
Dyra i Kongleriket ønskjer seg bursdagskort! Lag eit bursdagskort til Kongleriket og bli med i trekninga. Har du ikkje høve til å komme i banken, kan du også sende oss kortet du har laga til
Sparebanken Sogn og Fjordane
Postboks 113
6801 FØRDE

Merk konvolutten med ”Bursdagshelsing til Kongleriket”

Hugs å skrive namn, postadresse og alder på bidraget.

VELKOMMEN I BANKEN!

Konglekino

 

 

 

 

 

 

I november og desember er det Konglekino på mange av stadane vi har kontor. Vi sender ut invitasjon med påmelding på e-post til foreldre med Konglekundar på dei stadane det blir kino rundt ei veke før den aktuelle kinoen.

Kvar: Film: Dato:
Bergen, Magnus Barfot (fullt) Ekspedisjon Knerten 19. november
Solund, Hardbakke Grendahus Ekspedisjon Knerten 23. november
Stryn Kulturhus Ekspedisjon Knerten 23. november
Friberg Kino, Balestrand Jul i Mummidalen 24. november
Sogndal Kino Ekspedisjon Knerten 25. november
Årdal Kino Ekspedisjon Knerten 26. november
Askvoll Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 27. november
Flora Kino Snekker Andersen og julenissen 28. november
Dalsøyra Samfunnshus Ekspedisjon Knerten 29. november
Måløy Kino Ekspedisjon Knerten 29. november
Bremanger Jul i Mummidalen 1. desember
Fjaler Kino Snekker Andersen og julenissen 2. desember
Førde Kino Snekker Andersen og julenissen 5. desember
Eid Kino Paddington 2 9. desember
Lavik Ekspedisjon Knerten 12. desember

 

 

Kongledag i Sogndal torsdag 26. oktober

Kongleflasker
Torsdag 26. oktober vert det Kongledag med langope i banken i Sogndal kl 10:00 – 18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar, og vinne ein Konglesekk eller kanskje endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Alle barna som kjem innom får ei flott drikkeflaske frå Kongleriket.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Elin Ekorn og Kåre Bjørn på Kongleriket Miniputt i Sogndal

Elin Ekorn og Kåre BjørnSkal du delta på Kongleriket Miniputt i Sogndal 24. september? Då kan du møte Bamsen Kåre Bjørn og Elin Ekorn.

Møter du på dei, så ta gjerne eit bilete saman med dei, legg det ut på Facebook eller Instagram og merk dei med #kongleriket

Vi trekkjer ein heldig vinnar blant dei som legg ut bilete i slutten av september. Premien er ein sekk frå Kongleriket med mykje spennande innhald.

Kongledag onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Kl. 17:00 vert det eventyrstund, der vi får høyre historia om første gongen Anna kom inn i Kongleriket.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!