Offisiell opning av dagsturhytta i Stryn

No har alle innbyggjarane i dei 26 kommunane i fylket fått si eiga dagsturhytte, og dette vil vi feire! Bli med oss og eventyrar Aleksander Gamme til Kloppemyra torsdag 25. april klokka 17. Møt oss ved hytta til folkefest, medaljeutdeling og snorklipping. Ta med vener og familie.

Venene våre frå Kongleriket kjem også. Dei vil du mellom anna møte undervegs, og dei vil dele ut Konglesjokolade. På toppen vil det bli medaljeutdeling til alle barna.

Det vil også bli underholdning ved Johan Olai Svidal, og Marte Holien Bø vil ha lesestund for barna.

Hugs eigen mat og drikke. Vi gler oss til å sjå deg der!

Gratis foredrag med Aleksander Gamme

Seinare på dagen inviterer vi til gratis foredrag med Gamme, landets kanskje mest allsidige ekspedisjonsfarar, der han vil snakke om folkehelse og korleis bruke naturen som rekreasjon. Hugs å melde deg på!

Tid og stad: Stryn kulturhus, 25. april kl. 20.

Meld deg på foredrag her