Stryn

Kongledag onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!

Strynemila

Apen AlbertLaurdag 3. september det duka for Strynemila 2016 med Barnemila!

Strynemila:
Start trimklasse  kl. 12:00
Start konkurranseklasse  kl. 13:00

Påmelding trim- og konkurranseklasse 
frå kl. 11:00 – 11:45

Barnemila:
Start barnemila kl. 14:15
Påmelding barnemila frå kl. 13:00 – 14:00
Barnemila er gratis og det er
premiar til alle!

Premieutdeling kl. 14:30

Prisar:
Trimklasse kr 100
Konkurranse kr 100
Familie kr 200

Mini Skåla opp laurdag 13. august

Mini Skåla oppBli med på ”Mini Skåla Opp”, eit motbakkeløp for deg mellom 5-12 år!

Det blir ei blanding av motbakkeløp på idealtid og natursti. Det er flotte premiar for alle deltakarane. I startområdet ved Tjugen blir det ­Konglekonkurransar og aktivitetar.

Kjekt å vite
– Løypa går frå parkeringsplassen til Skåla ved Tjugen
– 28 m.o.h. og 2.100 meter opp til Tjugensætra på 365 m.o.h.
– Ingen påmelding, ta med deg både familie og vener!
– Løpet startar kl 11:15, men vi er på plass i startområdet frå kl 10:00
– Barn under 5 år kan sjølvsagt også delta, men grunna sikkerheit må alle startande ha med ein vaksen som følgje

Alle born er hjarteleg velkomne uansett om dei vil delta i løpet, eller berre vere ein dag ute i den flotte naturen.

Kongleveke 15.-19. februar

15.-19. februar er vi klare for ny Kongleveke! vinterbilde300x300
Vi håpar så mange som mogleg kjem innom oss for å tømme sparebøssene sine. Då får du nemleg ei fin overrasking frå Kongleriket. I Kongleveka har vi kjekke aktivitetsark der vi trekk ut heldige vinnarar som får ein Konglesekk.

I tillegg kan du vere med i konglevekequizen vår og vinne gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Dette blir heilt KONGLE!

Kongleveke 5.-9. oktober

Vi er klare for ny Kongleveke frå 5. til 9. oktober!Svelgen

Ta med deg sparebøssa di og kom innom banken – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket.

 

Les heile «Kongleveke 5.-9. oktober»

Stemningsrapport frå Skåla

Heile 75 ungar var med og gjekk opp til Miniskåla_2015MEB 350Tjugensetra på Mini Skåla i helga. Det var god stemning, og ungane kunne konkurrere på tid og vere med på natursti. På toppen venta trekkspelmusikk v/Johan Olai Svidal, noko som tydelegvis fall i god smak hos turgåarane.

Mini Skåla Opp

Bli med oss på “Mini Skåla Opp”  på Tjugen laurdag 15. august klokka 11! Dette blir ei blanding av motbakkeløp på best mogleg tid og natursti, og er meint for deg mellom 5 og 12 år. 

Det blir flotte premiar til alle deltakarane. I startområdet ved Tjugen blir det Konglekonkurransar og aktivitetar.

Kjekt å vite Førde Opp

– Løypa går frå parkeringsplassen til Skåla ved Tjugen 28 m.o.h. og 2.100 meter opp til Tjugensætra på 365 m.o.h.
– Ingen påmelding – ta med deg både familie og vener!
– Løpet startar kl 11:15, men vi er på plass i startområdet frå kl 10:00
– Barn under 5 år kan sjølvsagt også delta, men grunna sikkerheit må alle som stiller til start ha med ein vaksen som følgje.

Alle born er hjarteleg velkomne uansett om dei vil delta i løpet, eller berre vere ein dag ute i den flotte naturen.

Ta med godt humør, gode kle og godt skotøy – få med heile familien ut på fjelltur. Dette blir Heilt Kongle! 

Barneskirenn i Stryn laurdag 21. februar

Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer i samarbeid med Stryn Treskifestival til barneskirenn laurdag 21. februar

Påmelding før kl 14:00. Start kl 14:30.

Premiar til alle! Vel møtt! Les meir om Stryn Treskifestival under:

Stryn Treskifestival

Kongleveka i Stryn 16.- 20. februar

Kongleveke

16.-20. februar er det igjen klart for Kongleveke!

Ta med sparebøssa og kom innom – alle som tømmer sparebøssa si får ei flott overrasking frå Kongleriket. Du kan også delta i teiknekonkurranse der premien er eit gåvekort på 1000 kroner på valfri leikebutikk.

Det blir også bøssetømming ved Bank i Butikk på Coop Hornindal tysdag 17. februar kl 11:00 – 13:00.

Dette blir HEILT KONGLE – velkommen!