Svelgen

Kongleløp i Svelgen laurdag 15. juni

I samband med Molda Opp arrangerer vi eit Kongleløp for dei minste.

Løpet startar kl. 12. Oppmøte er bommen ved skogsvegen. Vi får også besøk av Kåre Bjørn og Elin Ekorn ved Molda hytta. Ta med vener og familie, gode sko og noko å drikke. Vel møtt!

Konglekino i Svelgen 6. desember

Tradisjonen tru inviterer vi til Konglekino for både store og små. Foreldre er sjølvsagt og invitert. Bli med!

Filmen som vert vist er Julenissens datter klokka 17:00. Meld deg på her!

Kongledag i Bremanger onsdag 17. oktober

Hjørdis HjortVi inviterer alle Konglekundane våre inn i banken til ei triveleg stund i lag med oss. Denne dagen har vi til vanleg stengt, men held ope frå kl.15:00 til kl 18:00.

Sidan Kongleriket fyller 10 år i år, kan alle som vil få lage si eiga bursdagskrone som dei får med seg heim.

Vi har også ei flott gåve til alle frå Kongleriket.

Bli med i konkurransen og vinn ein flott sparkesykkel eller balansesykkel!
I banken kan barna også delta i ein konkurranse. Vi har kjøpt inn tre flotte syklar, ein balansesykkel og to sparkesyklar, til premiar. Har de ikkje høve til å komme i banken, så kan de delta i konkurransen her.

Velkommen i banken til ei triveleg stund!

Bli med på sjørøvertokt i Kalvåg laurdag 4. august

Vi inviterer alle Konglekundane våre til å bli med på sjørøvertokt med galeasen “Svanhild” under Kalvåg Kystfestival laurdag 4. august

Her får barna låne pirateffektar, vi heiser segl og kastar loss! Vi tek ei runde rundt Kalvåg hamn før vi set kursen mot Fiskeholmen i retning Smørhamn. Undervegs vert det skattejakt, ekte piratmusikk og vi skal sjølvsagt prøve kanonen!

Avgangar kvar heile time: Kl 10:00, 11:00, 12:00, 13:00, 14:00* og kl.15:00.

*Turen kl.14:00 vert ein del av rokonkurransen som har start kl.14:30. Skipet vil då og fungere som snubøye og fyre avgårde ei salve som startskot.

Sjørøvertokta er gratis, men du må løyse billett, slik at vi ser kor mange som kjem.

Billett får du her

Les meir om Kalvåg Kystfestival 3.- 5. august

 

Kongledag og bursdagsfeiring i Svelgen 14. mars

Kongledag og bursdag


I
nvitasjon til Kongledag og bursdagsfering!
Kongleriket fyller 10 år i år! Dette vil vi gjerne markere med bursdagsfeiring på Coop Prix Svelgen på Kongledagen onsdag 14. mars kl 16-18. Alle barna får ei lita bursdagsgåve og det blir konkurranse.

Bli med i konkurransen og vinn ein Elektrisk Mini Cooper bil!
Dyra i Kongleriket ønskjer seg bursdagskort! Lag eit bursdagskort til Kongleriket og bli med i trekninga. Har du ikkje høve til å komme i banken, kan du også sende oss kortet du har laga til
Sparebanken Sogn og Fjordane
Postboks 113
6801 FØRDE

Merk konvolutten med ”Bursdagshelsing til Kongleriket”

Hugs å skrive namn, postadresse og alder på bidraget.

VELKOMMEN I BANKEN!

Konglekino i Svelgen måndag 27. september kl 17.00

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi inviterer med dette Konglekundane våre med på kino måndag 27. november kl. 17.00 i Svelgen samfunnshus. Då ser vi den nye filmen Stjernen i lag. Også tidlegare Konglekundar (8-12 åringane) er hjarteleg velkomne.

Her blir det først til mølla for å få plass, så meld på til e-post: linda.stenseth@ssf.no eller tlf 57 79 66 53, med antal barn og vaksne som vil delta. Kinoen er gratis.

Velkomen til ei koseleg kino oppleving med oss i banken!

Kongledag i Bremanger torsdag 26. oktober

Kongleflasker
Torsdag 26. oktober vert det Kongledag i banken på Hauge!

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss.

Her kan barna delta i konkurransar, og vinne ein Konglesekk eller kanskje endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk!

Alle barna som kjem innom får ei flott drikkeflaske frå Kongleriket.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Kongledag onsdag 15. mars

SPESIAL_vaarOnsdag 15. mars vert det Kongledag med langope i banken kl 10:00-18:00

Då ønskjer vi alle Konglekundar velkommen inn i banken for ei triveleg stund med oss. Her kan barna delta i konkurranse og vinne ein Konglesekk eller endå meir spennande; eit gåvekort på 1000 kroner i valfri leikebutikk! I tillegg får alle barna ei lita merksemd frå oss.

Velkommen inn i banken til ei triveleg stund!

Julekino i Svelgen 7. desember

Den magiske juleeskenOnsdag 7. desember kl 17:00 blir det Konglekino i Svelgen.

Vi inviterer alle medlemmer av Kongleriket til filmen “Den magiske juleesken”. Ta gjerne med søsken og vener som er medlemmer i Kongleriket. Alle foreldre er òg hjarteleg velkomne.

Banken spanderer nissegodt til alle borna!

Påmelding med antall born og vaksne til gro.myklebust.leirvik@ssf.no innan måndag 5. desember.

Vel møtt!

Kongleveke 10.- 14. oktober

Svelgen10.-14. oktober er det Kongleveke i banken.

Vi deler ut ei fin lommebok til alle som kjem innom og tømmer sparebøssa si. I tillegg har vi ein spennande rebuskonkurranse i banken, der Konglekundane kan bli med i trekninga om eit gåvekort på 1000 kroner frå leikebutikken og ein Konglesekk.

Velkommen i banken – dette blir Heilt Kongle!